God helse vert skapt gjennom gode liv

Eg trur det moderne helsestellet har gått seg vill i nullvisjonar – og at vi skal fikse alt for folk. På tide å ta ein seriøs gjennomgang av oppgåveporteføljen i helsetenesta?

Publisert

Denne artikkelen er mer enn to år gammel.

Lisbeth Homlong

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, spesialist i allmennmedisin og seniorrådgiver i Statens helsetilsyn

ÅRETS VINTERFERIE gjekk til Gran Canaria. Etter nærare to år med pandemi og ein stusseleg Oslo-vinter med rekordnivå av ishålke, har eg mistanke om at D-vitaminlagra mine var på eit historisk botnnivå. Eg var klar for sol og varme – og utan flyskam, var eg på nippet til å gi applaus då vi landa i Las Palmas. Før eg visste ordet av det låg eg utstrekt med solhatt og solfaktor på ei solseng ved eit basseng i Bahia Feliz – «den lykkelege bukt».

Samtidig fann Russland det for godt å invadere Ukraina, og verda kjentest brått meir utrygg. Tilfeldigvis hadde eg pakka med meg ei lita bok som skulle vise seg å vere meir tidsaktuell enn eg hadde sett føre meg.

FEKK HELTESTATUS. «En ung leges opptegnelser» er ei novellesamling av Mikhail Bulgakov, som er mest kjent for romanen «Mesteren og Margerita», rekna som eit av dei største litterære verka frå 1900-talet. På omslaget kan ein lese at Bulgakov var fødd i Kyiv, Ukraina i 1891. Han utdanna seg til lege i Moskva, der han budde mesteparten av sitt liv. Som nyutdanna i 1917 var han utstasjonert lege på den russiske landsbygda. I perioden 1925 til 1927 publiserte han ni korte noveller med tema frå denne tida, då han saman med ei jordmor og ein * feltskjær tok imot pasientar og dreiv ei lita sjukestove – i ei tid der døden alltid var eit pårekneleg utfall.

Han hadde lite praktisk røynsle, og det han hadde tilgjengeleg av medisinsk utstyr, strakk seg til diverse dropar og salver, kloroform og morfin, og dessutan instrument til basal kirurgi. Han får raskt heltestatus etter å ha redda livet til ei tenåringsjente som er alvorleg kvesta i ei ulykke, ved å utføre ein akutt beinamputasjon – noko han aldri hadde gjort før. Seinare må han forløyse born i tverrleie etter manuell vending, med suksess.

Helse er så mykje meir enn fråvære av sjukdom

LIV – OG DØD. Bulgakov  reddar livet til ein fireåring med difteri ved å opne opp halsen ved strupehovudet og sette inn eit sølvrøyr slik at ho får puste. Eit akutt sjukebesøk i snøstorm endar med at legen og kusken køyrer seg fast i ei snøfonn – og pasienten med traumatisk hovudskade er allereie død når dei kjem fram. Elles er syfilis ein relativt hyppig tilstand, sjølv i tredje stadium.

Det som slår meg etter å ha lese dei ni små forteljingane om livet som landsbylege, med den russiske revolusjonen som bakteppe, er kor godt dei fangar essensen av kva det inneber å vere lege, når ein skjærer inntil beinet. Det handlar om å redde liv når ein kan, men akseptere at døden er nærverande og eit sannsynleg – og til slutt endeleg utfall.

NULLVISJONANE. I moderne medisin opererer vi i stadig større grad med nullvisjonar. Eg er usikker på om det er klokt. Etter mitt syn medfører det at vi – altfor ofte – gjer alt for mykje.

Det er klart at vi aldri skal tilbake til situasjonen slik den var i 1917; det er det ingen som ønskjer. Moderne medisin er ei velsigning og er med på å redde liv, skape gode liv og god helse kvar dag. Men det må vere lov å spørje seg kva som har gått galt når vi i Noreg har verdsrekord i legedekning, dobbelt så mange sjukepleiarar per innbyggar enn noko anna land og brukar meir pengar på helse enn noko anna land i Europa. Og likevel er det langt frå nok. Eg trur vi må stikke fingeren i jorda og ta ein seriøs gjennomgang av oppgåveporteføljen i helsetenesta.

MEDISINSK KRISE? Allmennlege og professor emeritus Eivind Mæland skriv godt om dette i eit innlegg i Dagens Medisin tidlegare i år. Han ser krisa i fastlegeordninga som ei symptom på ei meir grunnleggande medisinsk krise. Eg har ikkje alle svar. Men eg trur det moderne helsestellet har gått seg vill i nullvisjonar og at vi skal fikse alt for folk.

Moderne medisin kan ikkje, og skal ikkje, vere grenselaus. Vi skal redde liv, ja. Men vi må minne oss på at god helse først og fremst vert skapt andre stadar enn i medisinen og av helsetenesta. Helse er så mykje meir enn fråvære av sjukdom. God helse vert skapt gjennom gode liv. Sjølv levde eg gode dagar på Gran Canaria i vinterferien. Det var helsebringande.

Den siste forteljinga i Bulgakovs novellesamling, «Jeg drepte», handlar om ein doktor Jasjvin som drep ein brutal torturist under krigshandlingar i Ukraina i 2019. Han vert tvinga til å rømme og tek beina fatt i retning heimbyen: «Enda en gang få se de snødekte klippene. Dnjepr… Det finnes ikke vakrere by i hele verden enn Kyiv.»

*Ordforklaring: Feltskjær; ei gammalt nemning for person som i krig behandla sårskadar og som utførte kirurgiske inngrep».


Dagens Medisin, fra Kronikk og debattseksjonen i 01-utgaven

Powered by Labrador CMS