Helsepersonell kan førebyggje overforbruk av smertestillande blant unge

For mange ungdomar er bruk av smertestillande medikament som Paracet og Ibux ein del av kvardagen. Betre kunnskap om årsakene til plagene kan førebyggje feilbruk og alvorlege helseskadar.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn to år gammel.

Mariann Enoksen

Kronikk: Mariann Enoksen, helsesykepleier i Bergen kommune og medlem i Landsgruppen av helsesykepleiere NSF

UNGDATA-UNDERSØKJINGANE dei siste åra syner at over 20 prosent av norske jenter bruker smertestillande ein eller fleire gongar i løpet av ei veke, og at nokre bruker det dagleg. For gutar i same alder er tala noko lågare. Dei same undersøkingane syner at hovudverk og andre kroppslege plager er relativt vanleg blant både jenter og gutar.

Det kan vera mange årsaker til at ungdom kjenner kroppslege plager.

TA KLOKE VALG! I forbinding med Legeforeningens «Kloke valg»-kampanje ønskjer Landsgruppen av helsesykepleiere (LaH NSF) å rette merksemda mot unge si bruk av smertestillande. Vi vil bidra til at barn og unge får hjelp til å lære seg å ta kloke val med tanke på eiga helse. Helsesjukepleiarar, lærarar, foreldre og andre trygge vaksne kan saman med barn og unge utforske kva som kan vera årsakene til plagene deira. Slik kan dei lære seg å kjenne etter kva det er dei eigentleg treng.

I skulehelsetenesta bankar det ofte barn og unge på døra og spør etter smertestillande, som regel fordi dei har hovudverk eller andre kroppslege plager. Når dei unge spør etter smertestillande, bruker vi helsesjukepleiarar å ta oss tid til å snakke med dei, vi spør om dei bruker smertestillande ofte og prøver å finne årsakene til plagene dei har.

Saman med ungdomane er vi «detektivar» i deira liv, for å finne ut kva dei eigentleg treng. Ofte finn vi at dei manglar søvn, eller ikkje har ete i løpet av dagen. Av og til kjem det fram at dei gruer seg for ein prøve eller presentasjon, andre kjenner på forventningspress frå foreldre eller skule, og mange har ei følelse av å ikkje vera god nok.

Vi vil bidra til at barn og unge får hjelp til å lære seg å ta kloke val med tanke på eiga helse

KAN GJERE VONDT VERRE. Smertestillande kan vera eit godt val for å lindre smerter ved feber, skader eller andre symptom som kan lindrast med slik behandling. Dersom ein derimot brukar smertestillande for å lindre vonde følelsar, treng ein å lære seg andre strategiar for å handtere det som er vondt og vanskeleg. Det kan til dømes vera å kjenne etter kva som ligg bak behovet for medikament. Er ein lei seg for noko vondt som har skjedd, som kjærleikssorg, konfliktar med ein venn eller nokon i familien, då hjelp det ikkje med smertestillande medikament. Er ein redd for å halde ein presentasjon i klassen og har vondt i magen, då hjelp det heller ikkje med smertestillande. Har ein vondt i hovudet fordi ein har sove dårleg eller ikkje ete, så treng ein søvn og mat.

Dersom ein brukar paracet for hovudverk hyppig, risikerer ein å utvikle kronisk hovudverk. Har ein ofte vondt i hovudet og brukar hyppig smertestillande, bør ein ta ein tur til fastlege for ei vurdering.

FORGIFTNINGAR. I 2020 har ein i norske sjukehus sett ei auke i innleggingar med forgiftningar av paracetamol.

Overforbruk kan gje kronisk leverskade og i verste fall føre til død. Dersom ein brukar smertestillande hyppig og har medikament som Paracet lett tilgjengeleg, kan det vera ein fare at ein brukar meir av medikamenta om ein har det vondt og vanskeleg. Helsepersonell, lærarar og foreldre bør snakke med barn og unge om kva konsekvensar overforbruk av smertestillande kan ha.

UTAN KUNNSKAP. Mi oppleving er at mange ungdomar ikkje har kunnskap om konsekvensar av overforbruk. Eg opplev også at det er sosialt akseptert blant ungdom at ein brukar smertestillande. Mange har det i sekken og tek det hyppig.

Ungdomar vert ofte overraska når dei ser samanhengar og forstår kva som kan vera årsaka til hovudverk og andre kroppslege plager. Mange har ikkje tenkt på at tre–fire timar søvn før skule kan føre til at dei er tunge i hovudet og ikkje klarer å konsentrere seg. Andre vert overraska når dei oppdagar kva innverknad mat kan ha på hovudverk. Mange ungdomar et ikkje frukost og har heller ikkje med matpakke, og kanskje er deira fyrste måltid etter skulen i 15-tida. Det er heilt naturleg å få vondt i hovudet om ein ikkje har ete og drukke.

Er ein ny på skulen, som til dømes i overgangen frå barneskule til ungdomskule, er det vanleg at ungdomar tek kontakt med oss i skulehelsetenesta fordi dei kjenner på fysiske plager, som vondt i hovudet, hjartebank, er svimle, kvalme, eller har vondt i magen. Når vi kartlegg kva som ligg bak plagene, har dei som regel til felles at dei kjenner seg stressa for at dei ikkje meistrar den nye situasjonen. Dei kan kjenne seg aleine, vera redde for at dei ikkje får nye venner, for ikkje å gjere det godt nok på skulen og samstundes uroa seg for framtida.

SAMANHENGEN. Å lære barn og ungdom korleis det fysiske og psykiske velvære heng saman, er viktig. Når ungdomar oppdagar samanhengar i kvardagen, som korleis søvn og ernæring verkar inn på konsentrasjon og fungering, er sannsynet for at dei vil prioritere søvn og regelmessige måltid større.

På same vis treng dei å sjå samanhengen mellom uroen dei har inne i seg, og sine fysiske helseplager. Vi kan lære dei at dersom ein kjenner seg trist, engsteleg eller har uro i kroppen, då treng ein å snakke med nokon heller enn å ta smertestillande. Når ein lærer seg å kjenne etter kva ein eigentleg treng, forstår sin situasjon og tek signala kroppen sender på alvor, blir barn og unge i betre stand til å ta vare på eiga helse. Da vert dei og betre rusta for vaksenlivet.

Ungdom treng også bekrefting på at dei er gode nok som dei er. Å belønne ungdom for gode prestasjonar på skule eller idrettsbane, hjelp lite dersom ungdomen ikkje opplev at dei betyr noko for andre menneske.

Ei grunnleggjande tru på at ein betyr noko som menneske og har noko å seie for fellesskapet, kan førebyggje bruk av smertestillande. Klarer vi ikkje å snu utviklinga, risikerer vi at mange må slite med helseplager som kunne ha vært unngått.


Ingen oppgitte interessekonflikter


Dagens Medisin, fra Kronikk og debattseksjonen i 19-utgaven

Powered by Labrador CMS