Meir er ikkje alltid betre

For min eigen del styrer eg unna tilbod om heilkropps-ultralyd og andre såkalla helsesjekkar hos kommersielle aktørar – der pasienten kan bestille time online utan tilvising frå fastlegen.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn to år gammel.

Lisbeth Homlong

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, spesialist i allmennmedisin og seniorrådgiver i Statens helsetilsyn

NO I ETTERKANT forstår eg ikkje heilt kva som dreiv meg, eller at eg orka. Det var vel ei slags 40-årskrise. Eg er ikkje åleine om slikt. Det vart mange treningsturar; langintervall, kortintervall, langkøyring opp mot tre mil slengen. Det gjaldt å knyte på seg joggeskoa og akkumulere flest mogleg mil i beina.

Det var eit slit. Og under ein treningstur i oppkøyringa til New York-maraton, svima eg rett og slett av. Eg kom til meg sjølv ganske raskt, idet eg sniffa inn den varme, fuktige lukta av jord. Fortumla reiste eg meg opp, så godt som uskadd og lunta forsiktig heim.

Neste dag bestilte eg akuttime hos fastlegen. Angsten for plutseleg hjartedød kom over meg. Hadde høyrt om desse middelaldrande som utan forvarsel datt om med hjartestans under fysiske krafttak som Birken og liknande.

SÅNN KAN DET GÅ. Fastlegen tilviste meg til hjartespesialist. Det meste var bra. Men det blei funne ein liten lekkasje på ein hjarteklaff. Det var ikkje på grunn av den eg hadde svima av, ifølgje hjartespesialisten. Eit tilfeldig funn som ikkje ville gi meg plager med det første. Sannsynlegvis aldri. Likevel tilrådde hjartelegen at eg burde følgje med, og eg fekk ein ny kontroll etter to år. I tillegg vart eg tilvist til lungespesialist, for sjekk av lungene. Der viste det seg at eg hadde ein lett astma.

Her hadde eg gått gjennom livet i over 40 år, med rimeleg god helse, ana fred og ingen fare. Så viste det seg at eg både hadde astma og klaffefeil. No var eg brått blitt pasient som stod fast på inhalasjonssteroider og betaagonist ved behov. Og måtte møte til kontroll med ultralyd av hjarteklaffane mine annakvart år. Sånn kan det gå.

OVERBEHANDLING. «Kloke valg»-kampanjen til Den norske legeforening tek mål av seg til å redusere undersøkingar og behandling som pasientar ikkje har nytte av, og som i verste fall kan skade. Kampanjen starta på initiativ frå Legeforeninga og er ein norsk versjon av den internasjonale «Choosing wisely»-kampanjen som starta i USA i 2012. Føremålet er å redusere overbehandling og overdiagnostikk i helsetenesta. Mange undersøkingar og behandlingar er ikkje naudsynte, dessutan kan dei påføre pasientar skade.

I den samanheng har eg blitt merksam på tilbod om såkalla heilkroppsscreening med ultralyd. Som pasient kan du bestille time online utan tilvising frå fastlegen. Konsultasjonen inkluderer ultralyd av alle indre organ og pulsårene i kroppen. Her får du granska hjarte og nyrer, bokstaveleg tala.

Ifølge nettsidene til klinikken er målsetninga å avdekke risikofaktorar, symptom som bør følgjast opp eller påvise allereie utvikla sjukdom på eit tidleg tidspunkt. Det høyrest flott ut. Og i kommentarfeltet har nøgde kundar lagt igjen gode omtalar av tilbodet.

MÅLRETTA UNDERSØKING. Sjølv tek eg meg i å lure på kvar desse legane har tatt utdanninga si. Om det er visse forelesingar eller tema dei har gått glipp av under studiet, eller i spesialistutdanninga si. Kva kan dei eigentleg om screening? Har dei ikkje høyrt om sensitivitet, spesifisitet, positiv og negativ prediktiv verdi? Kva slags informasjon får pasientane om ulempene? Om risikoen for falsk positive eller falskt negative funn? Kva med kost og nytte? For dette tilbodet er sjølvsagt ikkje gratis.

Sjølv har eg lært at undersøkingar som røntgen, ultralyd og MR skal gjerast på indikasjon. Det betyr at det skal vere plager, symptom, funn eller spesifikke risikofaktorar til stades før ein tilviser pasienten vidare. Slik kan røntgenlegen gjere ei målretta undersøking opp mot det som plager pasienten.

FALSK TRYGGLEIK. Å undersøke friske folk utan symptom for å avdekke sjukdom eller finne risiko for sjukdom, kallar vi screening. Risikoen med den slags verksemd er at legen finn avvik som ikkje betyr noko for pasienten, men som må utgreiast vidare, og som skaper unødig otte og uvisse. I verste fall kan det skade pasienten. På den andre side kan det også gir falsk tryggleik. Ein normal ultralyd er ingen garanti for at du er frisk.

For min eigen del styrer eg unna tilbod om heilkropps-ultralyd og andre såkalla helsesjekkar hos kommersielle aktørar. Likevel. Eg er i ein alder der eg kjenner på at otta for sjukdom og død aukar på. Måten eg stiller meg til det, er som følgjer: Eg går til fastlegen dersom eg har symptom eller plager som ikkje går over – og som kan vere teikn på alvorleg sjukdom. Fastlegen kan tilvise meg til vidare undersøkingar, dersom det er behov for det.

Fordelen min er sjølvsagt at eg har ei heilt anna kompetanse til å fortolke symptom og plager, og vurdere risiko, samanlikna med mange andre. Eg ser den.

ER DET NAUDSYNT? Eg trener ikkje til maraton lenger. Det er sjeldan eg spring over ei mil. Eg gjekk lei. Det blei for mykje. Men eg kontrollerer framleis hjartet mitt annakvart år. Er det naudsynt? Eg veit ikkje. Hadde eg levd fint utan? Sannsynlegvis.

Det var ei årsak til at eg vart undersøkt, så det var ikkje feil, men grunnen til at eg svima av, vart ikkje funne. Sannsynlegvis var det så banalt som eit blodtrykksfall. På kjøpet fekk eg eit par nye diagnosar. Og astmamedisinar på blå resept.

Ifølgje «Kloke valg»-kampanjen kan det vere lurt at du som pasient stiller deg følgjande spørsmål dersom du skal utgreiast for noko: Kvifor treng eg denne testen/behandlinga? Kva er risiko og sideverknader? Finst det alternativ? Kva skjer om eg ikkje gjer noko?

Ingen oppgitte interessekonflikter


Dagens Medisin, fra Kronikk og debattseksjonen i 09-utgaven

Powered by Labrador CMS