«Bjørg Bakke drap mora mi og er ein psykopat»

Påstanden over ble publisert på sosiale medier, men her har eg erstatta legen sitt navn med mitt eige. For neste gong kan det være min tur.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn to år gammel.

Bjørg Bakke

Innlegg: Bjørg Bakke, fastlege og kandidat til presidentvervet i Den norske legeforening

TEKSTEN BLEI publisert på sosiale medier av ein pasient med eit bilete av teksten og med eit opptak av konsultasjonen. Samtykke frå lege var ikkje innhenta. Kommentarfeltet osa av misnøye, sinne og fortvilelse.

Eg har erstatta legen sitt navn med mitt eige. For neste gong er det min tur.

EI NY TREND. Som lege står ein personleg ansvarleg for dei helsetenestene ein utøver på vegne av arbeidsplassen. Tidlegare opplevde ein tryggleik i å vere ein del av ein arbeidsplass, men med sosiale medier står helsepersonell i aukande grad eksponert med navn – utan anledning til tidssensitive tilsvar. Det står ikkje lenger ein redaktør mellom påstand og publisering. Dette er ein generell trend, som også gjeld for andre samfunnskritiske yrkesgrupper.

Sosiale medier og ein enkel opptaksfunksjon på telefonen gjer at helsepersonell er sårbare i møte med ytringsfridommen. Jobben vår kan utløyse ein storm me ikkje veit om. Ikkje før du mottek meldingar på Facebook eller Instagram. Før du ser ditt eige navn og bilete eller høyrer stemma di, der konteksten er utelatt.

Det står ikkje lenger ein redaktør mellom påstand og publisering. Dette er ein generell trend, som også gjeld for andre samfunnskritiske yrkesgrupper

EIN TRYGG ARENA? Sjukdom gjev usikkkerheit, redsel, mangel på kontroll og kunnskapsassymmetri. Mange avgjerder helsepersonell tek, er i feltet mellom liv og død. Me er portvoktarar av ressursar basert på kunnskap om prognose og effekt. Som pårørande eller pasient kan det vere vanskeleg å forstå og akseptere. Det finst berre uendeleg med ressursar for dine foreldre eller ditt liv.

Å arbeide innanfor eit fagfelt med stor usikkerheit, krev eit vern. Me treng trygge arenaer for diskusjon om fag, tid til å gje god informasjon og ha moglegheit for gode diskusjonar omkring behandlingsval med pårørande og pasientar. Men i situasjonar som eskalerer, treng me rask bistand frå arbeidsgivaren vår.

OMSYN TIL ALLE? Pasientane må få informasjon om sosiale mediar under innlegging eller konsultasjon. Korleis kan me vere opne og skape tillit hos både oss som jobbar i helsevesenet – og hos dei me skal hjelpe? Finst det løysingar som tek omsyn til oss alle?

Som pasient eig me vår eigen journal, og den er publisert raskt på helsenorge.no. Den er ikkje ein stad der refleksjon rundt vanskelege situasjonar kan bli skildra av helsepersonell. Den er eit juridisk dokument.

Døra på det vesle vaktrommet opnast og lukkast kontinuerleg medan halve setningar svømmer ut i korridoren. Samtaler meint mellom to kolleger er raskt ute på nettet. Kvar skal vanskelege diskusjonar eller usemjer rundt behandlingsval bli utveksla?

DET GAGNAR INGEN. Det kjennes feil å anmelde pasientar, eller pårørande som allereie har det tøft, til politiet. Men det kjennes også feil å la alvorlege påstandar rundt enkeltindivid som gjer jobben sin, stå uimotsagt i sosiale mediar. Ytringsfridommen utfordrar vernet om sikkerheit på arbeidsplassen.

Faren med å la debatten rundt sosiale mediar i helsevesenet ligge, er at det utviklar seg mistillit mellom helsearbeiderar og pasientar.

Det gagnar ingen.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS