Kvifor vert ikkje råd om besøk til alvorleg sjuke etterlevd

Burde ein ikkje vente at institusjonar som behandlar til dels svært sjuke innbyggjarar, er i stand til å etterleve retningslinjene? Kvifor klarer institusjonar å overhalde smittevernstiltak, men ikkje råd om at personar i livets siste fase skal få ha besøk?

Publisert

Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.

May-Irene Wergeland

Innlegg: May-Irene Wergeland, spesialkonsulent i RVTS Vest, lokalpolitiker for Sp og nestleiar i Helse- og omsorgsutvalet i Alver kommune

DET ER opprørande å høyre historiar, tidvis dag etter dag i media om pårørande som fremdeles ikkje får vere nær sine i livets siste fase, sjølv om myndigheitene for lengst har gitt råd om at det skal dei.

Smittevernreglar, derimot, ser det ut til at institusjonar klarar å følgje.

KVIFOR ER DET SLIK? Helseminister Bent Høie (H) har vorte konfrontert med at pårørande ikkje får besøke og fylgje sine nære mot døden, både gjennom NRK Dagsrevyen og i Stortinget (18.11.20), der Sp-representant Kjersti Toppe har stilt spørsmål om dette. Både helseminister og statsminister har gjort klart at personar i livets siste fase skal få ha besøk av sine næraste, og dette kjem også fram i Helsedirektoratet sine koronaretningslinjer.

Burde ein ikkje, på det stadiet ein no er i pandemien, vente at institusjonar som behandlar til dels svært sjuke innbyggjarar, er i stand til å etterleve dette? Kvifor klarer institusjonar å overhalde smittevernstiltak, men ikkje råd om at personar i livets siste fase skal få ha besøk?

KVEN TAR EIN HENSYN TIL? Døden kjem ikkje som bestilt, og dødsfall vil kunne koma meir og mindre overraskande både på personale og pårørande. Desto viktigare er det å vere raus med å gje anledning til besøk for pårørande til personar som kan ha kort forventa levetid, også om dei enno ikkje er terminale.

Eg undrast på kva som gjer dette så vanskeleg å overhalde. Er redselen for å gjere feil, så paralyserande at ein ikkje er i stand til å bruke vit, og kanskje endå viktigare: at ein ikkje er i stand til å bruke hjertet, i møte med pårørande og pasientar sine behov for kontakt? Og kven er ein mest redd for å gjere feil ovanfor?

Lar tilsette i helsevesenet litt for mange stader vere å utøve godt, klinisk skjønn fordi det er meir risikofylt og krevande? Er redselen for å gjere feil så paralyserande at ein ikkje er i stand til å bruke vit – eller hjertet?

Etter smitteutbrota på sjukeheimar i vår såg ein i Bergen at det først og fremst var a-eller presymptomatiske tilsette som brakte smitten inn på institusjonane (Kittang et al., 2020). Besøkande kan halde avstand på ein annan måte enn tilsette kan.

RÅD – OG SKJØNN. Som nærståande til ei alvorlig sjuk venninne i vår, fekk eg oppleve starten på pandemien med nærast «hysteriske» tilstandar når det gjaldt besøk. Vi fekk også oppleve korleis reglar vart praktisert ulikt etterkvart, og korleis det virka som at til høgare medisinsk kompetanse personalet hadde der ho vart behandla, til meir skjønn og individuelle vurderingar rundt nærvær og besøk var ein i stand til å gjere.

Summen av erfaringar frå pårørande som ikkje har fått besøke og følgje sine næraste mot døden, seier meg at verken helseminister eller statsminister har greidd å få fram gjeldande råd om dette tydelege nok, samt at det er eit faktum at råda vert etterlevd i svært varierande grad.

USIKKERHEIT. Denne variasjonen i erfaringar tilseier at dette handlar om meir enn usikkerheit om kva råd som er gjeldande. Det handlar om meir enn faktorar som gjeld mange helseinstitusjonar, som for lite bemanning, for stort press på tilsette over tid, redsel for smitte og andre felles faktorar. Kvifor praktiserar institusjonar besøk til alvorleg sjuke ulikt? Variasjonen i pårørande sine erfaringar viser at dette ikkje primært handlar om smittevern.

Kan det hende dei uheldige eksempla viser at tilsette i helsevesenet litt for mange stader lar vere – eller vert fråteken muligheten til – å utøve godt, klinisk skjønn rett og slett fordi det er meir risikofylt og krevande? Kan det hende at redselen for å gjere feil enkelte stader styrer i ein slik grad at ein i praksis unnlét å gjere det rette?

PASIENTTRYGGLEIK. Det ville undre meg om det ikkje i alle sakene som har vore i media, har funnest involverte tilsette som har opplevd det hjerteskjærande, og kanskje unødvendig, å handheve reglane slik det vart gjort. Kunne dei uttrykke dette, eller er kulturen og jobbkvardagen slik at kritiske røyster og individuelle tilpasningar helst blir unngått?

Eit spørsmål er om mengden av uønska erfaringar på dette området seier oss noko. Viser det for eksempel at kapasiteten til å vurdera individuelt, rett og slett er for svak på for mange helseinstitusjonar i Norge – og at dette i høgste grad handlar om pasienttryggleik?


Tilleggsinformasjon:
Artikkelforfatter oppgir ingen interessekonflikter. Hun vikarierte høsten 2020 som rådgiver på Stortinget for Kjersti Toppe (Sp), som sitter i Helsekomiteen på Stortinget. De siste årene har May-Irene Wergeland arbeidet som rådgiver for Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) Vest.

Powered by Labrador CMS