Legevakt – den siste spikaren i kista for fastlegeordninga?

Ute i Kommune-Noreg står unge og gamle legar med stadig større posar under augene. Skal me fortsetje til me gjer feil som kostar liv – eller tar staten eit større ansvar før ordninga kollapsar?

Publisert

Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.

Bjørg Bakke

Innlegg: Bjørg Bakke, lege i Porsanger kommune

LEGEVAKT-ORDNINGA i Noreg har diverre blitt ein labyrint av avtaleverk, ansvarsfråskrivnad og manglande evne til å kome opp med gode løysingar for pasientane og legane. Partane må alle ta ein del av skulda, både stat, kommune og fagforeining. Prisen er det fastlegane rundt om i landet som må betale, der dei går vakt etter vakt utan teikn til betre regulering av arbeidsdagane.

Som ung, kvinneleg fastlege har eg mykje eg må få gjort før eg fyller 40 år. Statsminister Erna Solberg (H) vil at eg skal føde mange born, men eg vil også ha ei spennande karriere.

Les også: Useriøst om legevakt

RAMMENE. Eg kan gjerne jobbe mykje, men eg vil ha faste og stabile rammer for nattarbeid, heilagdagar og helger. Legevakt er ein spennande del av jobben som fastlege, men slik det er i dag er det ikkje totalen som er utgangspunktet. Nei, eg har to 100 prosent-jobbar, der begge riv og slit i meg, slik at eg ikkje klarer å vere den beste legen for fastlegepasientane mine, ei heller for dei akutte pasientane på natta.

Avtalene seier at eg som fastlege er plikta til å ta legevakter, og arbeidsmiljøloven er eg i stor grad fritatt frå. Som fastlege jobbar eg 37,5 time i veka, men i tillegg jobbar eg legevakt. I vekene eg jobbar mest, har eg ei total arbeidstid på opp mot 120 timar. I vekene eg jobbar minst, har eg ei total arbeidstid på 46 timar.

Les også: Legevaktproblemet løses ikke gjennom en tariffavtale

Avtalene seier at eg som fastlege er plikta til å ta legevakter, og arbeidsmiljøloven er eg i stor grad fritatt frå. Men begge 100 prosent-jobbane riv og slit i meg slik at eg ikkje klarer å vere den beste legen for fastlegepasientane mine – eller dei akutte pasientane på natta

PLIKTEN. I små kommunar er det ikkje mogleg å gje vekk legevakter, medan i større kommunar kan det vere lettare. Plikten ligg der likevel.

Når kollegaene mine har ferie, er det eg eller kollegaer som tek dei ekstra vaktene. Når eg er på ferie, tek dei mine. Jol og påske er det ikkje fri, då skal eg og kollegaene mine bli samde om kven sin tur det er til å ta fem dagar vakt i strekk, slik at færrast mogleg skal vere vekk frå familien.

Når alle kjem tilbake, utkvilte frå påskeferien, byrjar eg på igjen med fastlegejobben.

ØKONOMIEN. Som du skjønar har fastlegane store unntak frå arbeidsmiljøloven. Det har me hatt over mange år.

Legeforeininga har over tid ynskt å få endra på dette, men KS har ikkje ynskt dette. Staten ei heller. For det er slik at økonomien styrer avtaleverket. Viss legane skal jobbe mindre, kjem dette til å koste meir. Det har ikkje Kommune-Noreg råd til – og staten sit så stille i båten som den kan. Det spelar ingen rolle om det er uheldig, så lenge budsjettlina er urørt.

Les også: På tide å oppgradere legevaktmedisinen

ANSVARET. Ute i Kommune-Noreg står unge og gamle legar med stadig større posar under augene. Skal me fortsetje til me gjer feil som kostar liv? Eller er grensa nådd når du blir skilt? Legar er også menneske – som treng kvile, mat og fritid. For å redde fastlegeordninga, må legevaktordninga reformerast. Staten må ta eit større ansvar for å hjelpe Kommune-Noreg.

Og, nei, eg meiner ikkje med ei ny toårig utredning. Eg meiner reelle tiltak som kjem i løpet av året. Det er billigare å ta tak i dette nå før ordninga kollapsar. Det blir dyrt, det.

For å redde fastlegeordninga, må legevaktordninga reformerast. Staten må ta eit større ansvar for å hjelpe Kommune-Noreg. Det er billigare å ta tak i dette nå – før ordninga kollapsar.

Tilleggsinformasjon: Artikkelforfatteren har vært leder av Norsk medisinstudentforening (Nmf).

Powered by Labrador CMS