Tida for store risikofylte IKT-prosjekt bør vere forbi

Regjeringas e-helsesatsing er på veg inn i eit blindspor. Tida for store risikofylte IKT-prosjekt, som Akson, bør vere forbi.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.

Kjersti Toppe (Sp)

Innlegg: Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson i Senterpartiet

MANGE KOMMUNESTYRER skal i desse dagar ta stilling til Akson, eit nasjonalt IKT-prosjekt som skal gi ein felles kommunal pasientjournal. Ingen kan vere ueinig med behovet. Helse-Norge treng eit digitalt løft.

Målet om «Ein innbyggjar – Ein journal» var fremma av den raudgrøne regjeringa allereie i 2012. Det som er meir tvilsamt, er om Akson-prosjektet til 22 milliardar kroner er den rette løysinga for å nå dette målet.

FOR STORT OG DYRT. Mykje tyder nemleg på at Akson-prosjektet er for stort, for dyrt og vil ta for lang tid. Det kan ta opp mot 15 år før ein får på plass felles legemiddelliste – det som hastar mest å få på plass, ifølgje helsearbeidarar.

Akson sikrar heller ikkje digital samhandling mellom kommune- og spesialisthelseteneste. Legeforeningen åtvarar sine medlemmar mot prosjektet. IKT Norge og e-helseselskapet DIPS meiner at prosjektet er urealistisk og umogleg å gjennomføre slik det er planlagt no, blant anna fordi det er svært og kompleks. Dei får støtte av IKT-direktøren i det største regionale helseføretaket, Helse Sør-Øst.

DYREKJØPTE ERFARINGER. Skepsisen er forståeleg. Med IKT-skandalen i Helse Sør Øst friskt i minne, samt skrotinga av radiologiløysinga i Sykehuset Innlandet HF, har norsk helsevesen dyrekjøpte erfaringar med mislykka, store IKT-prosjekt innan helse.

Å true seg til kommunal støtte til eit risikofylt prosjekt og ignorere kritikk frå fagmiljøa, er svært uklokt

Regjeringa sa i 2015 at tida for store IKT-prosjekt skulle vere forbi. Men det verkar ikkje slik med Akson. Det er Stortinget som skal løyve pengane til gigantprosjektet. I lys av dei tidlegare IKT-skandalane vi har sett i den norske helsetenesta, har ein ikkje råd til å satse slike enorme summar på eit svært og risikabelt prosjekt som korkje leverandørane eller viktege aktørar i helsetenesta meiner er tenleg.

PRESS. Staten har sagt at dei treng eit «ja» frå nok kommunar for at arbeidet med Akson skal vidareførast. Det skal finansierast i eit spleiselag mellom stat og kommune, men sjølv dei store føregangskommunane har begynt å tvile.

Norske kommunar opplever difor eit sterkt press frå regjeringa og KS om å signere intensjonsavtalar. Det er i lys av dette ein må sjå helseminister Høies forslag til ny e-helselov. Her vil han «tvinge» Kommune-Norge til å ta i bruk og finansiere nasjonale e-helseløysingar.

Lovutkastet blei slakta i høyringsrunden. Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget har stoppa saken, og utsatt behandlinga til hausten. Dei raudgrøne partia er einige om å sende heile lovforslaget tilbake til regjeringa for endring. Lova gir Direktoratet for e-helse for stor makt, til ulempe for kommunane.

EIT BLINDSPOR. Regjeringas e-helsesatsing er på veg inn i eit blindspor. Satsinga er toppstyrt og byråkratisk. Løysingane legg ikkje opp til å nytte seg av norsk helseteknologi og norske kunnskapsmiljø, men internasjonale leverandørar. Å true seg til kommunal støtte til eit risikofylt prosjekt, og ignorere kritikk frå fagmiljøa, er svært uklokt.

Regjeringa bør ta ein fot i bakken med Akson. Helseministeren må ikkje gløyme at han ikkje lenger sitt i fleirtalsregjering, og at det er Stortinget som er ansvarleg for både lovreguleringa og dei naudsynte løyvingane til nasjonale e-helseprosjekt.

Fagfolk innanfor både IKT- og helsefaglege miljø har anbefalt ein meir trinnvis tilnærming, der ein eksempelvis begynner med pasientens legemiddelliste, ein samhandlingskomponent og vidareutvikling av kjernejournalen. Det hadde vore klokt av statsråden å sjå nærmare på slike løysingar.

Tida for store risikofylte IKT-prosjekt bør vere forbi.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS