Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Sosial distansering – eller fysisk avstand?

Utan eit norsk helsefagspråk hadde det vore umogleg for myndigheitene å formidle smitteverntiltaka til innbyggjarane. Men ikkje alle termane er like gode.

Publisert: 2020-05-13 — 16.48

Åse Wetås


Kronikk: Åse Wetås, direktør i Språkrådet

SPRÅKRÅDET ARBEIDER for at norsk skal vere eit levande språk på alle samfunnsområde. Koronakrisa viser tydeleg kvifor det er viktig.

I ei tid der det er avgjerande at alle forstår informasjon frå myndigheitene, skal vi vere glade for at vi har investert i eit norsk helsefagspråk.

FAGSPRÅK INN I DAGLEGSPRÅKET. Situasjonen er ny og framand, og mange av orda som blir brukte i informasjonen, er også ukjende. Ord som heimekarantene, smittekjelde, kohort og flokkimmunitet er på kort tid blitt noko ein ventar at alle kjenner til og forstår, ikkje berre lækjarar og forskarar.

Helsefagspråket gjeld plutseleg alle. Informasjon om ulike smitteverntiltak møter oss kvar dag i nyheitene. For at vi som innbyggjarar skal kunne oppfylle krava til heimekarantene og sosial distansering, er det viktig at vi forstår kva desse omgrepa inneber. I verste fall kan vanskeleg og uklar kommunikasjon føre til at vi ikkje forstår informasjonen frå myndigheitene og spreier smitte til andre. Eit presist og klart språk kan bidra til at færre blir sjuke.

UHELDIGE TERMAR. Diverre er ikkje alle dei norske fagorda eller termane like gode. Til dømes er ikkje sosial distansering ein spesielt god term. Sosial distansering er ei direkte omsetjing av det engelske social distancing, og det kan sjå ut til at omsetjinga blei gjort utan at nokon tok eit steg tilbake og såg nærare på kva som låg i omgrepet og korleis vi best kunne uttrykke det på norsk. Ordet distansering finst på norsk, men blir som oftast nytta i ei mindre konkret tyding. «Å distansere seg frå nokon» blir sjeldan brukt om fysisk avstand, men heller om å ta avstand frå meiningane eller synspunkta til ein person. Men når vi snakkar om sosial distansering som eit tiltak mot smitte, snakkar vi heilt konkret om fysisk avstand.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) har no gått ut og sagt at social distancing ikkje er ein god term, og at dei heller vil bruke physical distance. Fysisk avstand er enklare å forstå også på norsk. Men det er vanskeleg å byte ut eit uttrykk som allereie er blitt innarbeidd, så sosial distansering vil nok framleis bli brukt i artiklar og nyheiter om koronaepidemien.

Språkrådet er avhengig av at fagmyndigheiter og fagfolk tek ansvar for norsk språk på sine fagområde. I koronakrisa ser vi kor viktig det ansvaret er


Vi har òg sett at det finst tilfelle der det ikkje er etablert norske fagord. Då kan fleire konkurrerande fagord vere i bruk. Eit døme er det engelske case fatality rate (CFR) som blir omsett til dødeligheitsestimat og sjukdomsdødelegheit på norsk. Det er uheldig at det er to ulike omsetjingar av det same omgrepet fordi det kan føre til forvirring viss ulike instansar nyttar ulike termar når dei eigenleg meiner det same.

FAGSPRÅKLEG ANSVAR. Den beste måten å sikre at fagspråket er klart og tilgjengeleg for allmenta, er å syte for at det er på norsk. Diverre er det ikkje sjølvsagt at fagspråk i Noreg er på norsk. På mange område er påverknaden frå engelsk stor, og engelske fagord blir brukte også på norsk.

Norsk fagspråk blir ikkje til av seg sjølv, det krev at fagfolk på dei ulike fagområda aktivt vel å omsetje terminologi og å lage norske fagord. Ofte vil norske fagord bli brukte i lærebøker eller andre læremiddel og på den måten komme i allmenn bruk ute i samfunnet. Men det er ikkje alltid det finst læremiddel på norsk. På universitet og høgskular er læremiddel veldig ofte engelskspråklege. Då er det ekstra viktig at fagmiljøa tek ansvar for å halde det norske fagspråket ved like.

Også fagmyndigheitene må ta ansvar for eit godt norsk fagspråk. Ekspertar hos fagmyndigheitene skal ofte formidle kunnskap frå utanlandske ekspertar til politikarar og andre som skal ta avgjerder. Då er det fagmyndigheita og ekspertane som har ansvar for å formidle kunnskapen vidare i eit godt, presist og norsk fagspråk som alle kan forstå.

LAG EI TERMGRUPPE! Språkrådet kan gje råd og rettleiing til fagmiljø som arbeider med å omsetje fagspråk til norsk. Det finst allereie fleire grupper av fagpersonar frå universitet og høgskular som lagar fagord på sine fagområde, til dømes innanfor celle- og molekylærbiologi og klimaforsking.

Også for det medisinske fagspråket finst det ei eiga gruppe. Desse gruppene har blitt oppretta fordi det er fagfolk som ser at vi treng eit godt og konsist norsk fagspråk, og som tek ansvaret for å lage det.

Språkrådet er avhengig av at fagmyndigheiter og fagfolk tek ansvar for norsk språk på sine fagområde. I koronakrisa ser vi kor viktig det ansvaret er.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Nyhetsbrev
Følg med på siste nytt fra Dagens Medisin ved å abonnere på vårt gratis nyhetsbrev og følge oss i sosiale medier.
Del:

Kommentarer

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!