Misforstått om Tvangsbegrensningslov

Tvangslovutvalet sitt framlegg til lov om tvangsbegrensning er ikkje uttrykk for mistillit til fagfolk.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fire år gammel.

Trond F. Aarre

Innlegg: Trond F. Aarre, avdelingssjef ved Nordfjord psykiatrisenter og medlem av Tvangslovutvalet
Bjørn Henning Østenstad, jussprofessor, Universitetet i Bergen, leiar av Tvangslovutvalet

I DAGENS MEDISIN på nett (2. november 2019) skriv to avdelingsoverlegar frå Stavanger at lovutkastet til Tvangsbegrensningsloven er vanskeleg å forstå for dei som ikkje er juristar. Dei har kanskje rett i det, for så mange mistydingar er det sjeldan ein ser på prent.

Med Norsk offentlig utredning (NOU) 2019:14 la Tvangslovutvalet fram utkast til ei ny lov: Tvangsbegrensningsloven. Denne er meint å avløyse dei ulike sektorlovene vi i dag har på helse- og omsorgsfeltet. Føremålet med lovframlegget er mellom anna å avgrense bruken av tvang, sikre rettstryggleiken, hindre vesentleg helseskade og fremje respekten for menneskeverd og menneskerettar.

Les også: Utillatelig med tvang? 

TALLRIKE FEIL. I kronikken til overlegane Melissa Weibell og Jeanette Bjørke-Bertheussen er det talrike feil. Dei viktigaste er desse:

  • «Lovforslaget går på tvers av nasjonale og internasjonale faglege retningslinjer». Dette er ikkje rett. Lovframlegget skriv ikkje noko om korleis psykiske lidingar skal handsamast, og i samarbeid med personen det gjeld står klinikaren fritt til å følgje retningsliner. Men utvalet er ikkje kjend med retningsliner som krev at ein skal tvinge behandling på pasientar som motset seg det, og det er tvangssituasjonane lovframlegget skal regulere.
  • «… det er spesielt bekymringsverdig at det foreslås å lovfeste at førstegangs-psykotiske pasienter ikke skal kunne behandles med antipsykotika dersom de motsetter seg det». Utvalet har aldri skrive eller meint dette, og undrar seg over korleis ein har greidd å lese lovutkastet på så forunderleg vis.
  • «Det foreslås å forlenge undersøkelsesperioden ytterligere fra fem til syv dager før en kan fatte vedtak om tvangsmedisinering». Ventetida før ein kan fatte vedtak om tvangsmedisinering, er ikkje ein undersøkingsperiode, men ein behandlingsperiode. I lovutkastet § 6–10 står det at «personen har vært forsøkt behandlet med tiltak vedkommende ikke motsetter seg i minst én uke. Personen skal i denne perioden ha fått tilbud om omfattende og egnet ikke-medikamentell behandling».
Bjørn Henning Østenstad

UTOLELEG INNGREP? Dei to overlegane meiner at ei diagnoseuavhengig lov «går på tvers av de nylig introduserte pakkeforløpene for psykisk helse og rus, som i stor grad baseres på strukturerte, diagnostiske vurderinger». Lovutkastet støttar tvert imot opp under pakkeforløpa, særleg dei mange gode passasjane som understrekar at utgangspunktet for behandlinga skal vere pasientane sine ynskje og preferansar Utvalet tek ikkje stilling til om psykiatrisk diagnostikk skal vere utgangspunktet for behandlinga.

Det er uklårt kva forfattarane meiner er eit «behandlingsdiktat». Lovutkastet dikterer berre det som burde vere sjølvsagt: At personar som ikkje ynskjer medisin, skal få prøve alternativa til medikamentell behandling. Me er bekymra dersom ein i Stavanger opplever dette som eit utoleleg inngrep i den faglege fridomen.

RETTSTRYGGLEIKEN. Weibell og Bjørke-Bertheussen meiner det er gale at rettstryggleiken kjem i vegen for «pasientens beste». Dei går her til åtak på sentrale verdiar i rettsstaten; at det må vere grenser for kor langt fagfolk kan gå i å tvinge folk, sjølv om føremålet er godt. Me trur det er klokt å late pasienten sjølv avgjere kva som er best for han eller henne, som eit klart utgangspunkt.

Lovutkastet opnar – grovt sett – for bruk av tvang i situasjonar der personen (1) manglar avgjerdskompetanse («beslutningskompetanse») og (2) vil lide vesentleg helseskade dersom ein ikkje gjev helsehjelp som (3) kan vere til stor nytte («sterkt behov») og som (4) det er truleg at vedkomande ville ha samtykt til dersom han eller ho var i stand til det.

Utkastet legg opp til kraftfulle overprøvings- og kontrollordningar for å sikre rettstryggleiken ved slike høve.

Les også: Et vådeskudd som rammer alvorlig syke pasienter

FOR MYKJE LAUSKRUT. Tvangslovutvalet sitt framlegg er ikkje uttrykk for nokon mistillit til fagfolk. Tvert imot vil vi gjere det enklare enn i dag å yte hjelp til personar med psykiske helseproblem som ikkje motset seg hjelpa, men som manglar beslutningskompetanse. For overvinning av motstand lyt det derimot gjelde strenge reglar, som elles i samfunnet.

På eit punkt er me heilt samde med kritikarane våre: Det er viktig at helsepersonell engasjerer seg i ordskiftet om bruk av tvang og makt i helse- og omsorgssektoren. Ingen ting vil vere oss kjærare enn framlegg som er betre enn dei me har gått inn for. Men ein bør setje seg godt inn i lovutkastet før ein kritiserer – for ikkje å fyre av for mykje lauskrut.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Fra Dagens Medisin 20/2019, Kronikk og debatt-seksjonen

Powered by Labrador CMS