Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Eit pakningsvedlegg for livet?

Kanskje bør vi legar ha med oss eit pakningsvedlegg som minner oss på at det finst noko som heiter empati?

Annons:
Lisbeth Homlong

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, fastlege i Oslo (permisjon) og seniorrådgiver i halv stilling i Helsetilsynet

«LES PAKNINGSVEDLEGGET nøye», er tittelen på ein ny roman eg nettopp har lest. Romanen opnar slik: «I årevis har jeg ansett det som en etablert sannhet at kvinnekroppen er en plage. Til tross for dens unike talenter er den fra puberteten av som en utsatt fjellknaus konstant herjet av uvær».

Det er noko sant i dette: Menstruasjon. Hormonelle svingingar. Graviditet. Fødslar. Overgangsalder. Vi veit at det ligg eit potensial for kroppslege plager og sjukdom i det spesifikt kvinnelege. Likevel har typiske kvinnesjukdomar tradisjonelt hatt låg status i medisinen.

USYNLEG SJUKDOM. Bokdebutanten Karen Havelin har skrive ein roman som til dels er basert på eigne røynsler med kronisk sjukdom, mellom anna endometriose, som er ein tilstand der livmorslimhinne ligg feilplassert på andre stadar i kroppen enn i livmora, vanlegvis i bukhola. Tilstanden kan medføre sterke, kroniske mage- og underlivssmerter. Den rammar omkring fem–ti prosent av kvinner i fruktbar alder.

Hovudpersonen i romanen, Laura Fjellstad, har slitt med kronisk sjukdom sidan barndomen og lever med ein kronisk smertetilstand på grunn av endometriose. Ho vert behandla med medisinar som har påført ho ein kunstig overgangsalder. Romanen handlar mellom anna om korleis ein som kronisk sjuk må streve for å bli høyrt, spesielt som kvinne med ein usynleg sjukdom.

IRRITERT VANTRO. Romanen viser korleis menneske med kroniske sjukdomar kan føle på sinne, avmakt, skam og skuldkjensle for å vere sjuk. Forfattaren har vidare ønskja å tematisere kor arbeidskrevjande det er å ha ein kronisk sjukdom. I tillegg til symptom og plager som påverkar kropp og sinn, er det tidkrevjande å gå til kontrollar, følgje opp behandling, tilpasse livsførsel og kosthald. Dessutan er det slitsamt å måtte ta inn alle rundt som har meiningar om kva den sjuke skal gjere og ikkje gjere.

“Ifølgje nyare nevrobiologisk forsking kan eit godt forhold til legen auke toleransen for smerte hos pasienten og endre kroppen sin respons i stress-situasjonar”

Romanen skildrar også Laura Fjellstad sine møte med helsetenesta, som her på kontroll hos gynekologen: «Han har alltid dårlig tid, ser meg ikke inn i øynene og avbryter meg stadig mens jeg snakker. Ofte ser det ut til at han ikke forstår hva jeg sier, og det irriterer ham. Jeg skriver lister med spørsmål og prøver å forklare den komplekse situasjonen så enkelt som mulig. Jeg snakker så høyt og tydelig jeg greier, men det kommer alltid øyeblikk hvor han ser på meg med irritert vantro».

Laura spekulerer i om ho hadde blitt møtt annleis om ho var mann.

EMPATIEN. Eg undrar meg av og til over om vi legar innimellom gløymer at det finst noko som heiter empati? Dei fleste som behandlar pasientar, veit i teorien kva empati er, og vi veit at god kommunikasjon er viktig for diagnostikk og behandling. Likevel sviktar vi på dette området, gong på gong. Empati er evna til å sette seg inn i andre sitt kjensleliv.

Det kan synast som om empati er ei evne som må haldast ved like og utviklast for å ikkje bli borte. Det finst mellom anna studiar som tyder på at legestudentar blir mindre empatiske i løpet av studiet. Som lege skal du opptre på ein omsorgsfull og respektfull måte ovanfor pasientar. Å gi helsehjelp på ein omsorgsfull måte, inneber mellom anna å ha innsikt i og forståing for pasienten sin situasjon.

KOMMUNIKASJONEN. Vi veit at god kommunikasjon er avgjerande for kvaliteten på alt legearbeid, og eit godt utfall er avhengig av at legen forstår pasienten rett – og at pasienten forstår legen. Å skape slik gjensidig forståing, er legen sitt ansvar.

Ifølgje nyare nevrobiologisk forsking kan eit godt forhold til legen auke toleransen for smerte hos pasienten og endre kroppen sin respons i stress-situasjonar. Dermed peikar forskarane på moglege underliggande mekanismar bak det fleire andre studiar den seinare tid har vist: Nemleg at legar som er flinke til å kommunisere, har meir nøgde pasientar, og med betre utfall.

OPPSKRIFT FOR LIVET? Eg har fundert ein del på romantittelen «Les pakningsvedlegget nøye». Det står klart for meg at både forfattaren og hovudpersonen i romanen har hatt behov for å ta ulike legemiddel opp gjennom livet og dermed har lest ein del pakningsvedlegg. Men kanskje burde vi ha hatt eit pakningsvedlegg til livet også? Vedlagt ved fødselen? For å forstå oss sjølv? For å forstå andre? For å forstå kvinnekroppen.

Vi kan aldri heilt forstå korleis det er å vere i ein annan sin kropp, men som profesjonelle må vi lytte. Kanskje bør vi legar ha med oss eit lite pakningsvedlegg som minner oss på at det finst noko som heiter empati? Ta vare på dette pakningsvedlegget. Du kan få behov for å lese det igjen.

Referanser: 
1) Havelin K. Les pakningsvedlegget nøye. Ta vare på pakningsvedlegget. Du kan få behov for å lese det igjen. Cappelen Damm AS, Oslo, 2019.
2) Heidenreich KS. Empathy in the physician-patient relationship: a therapeutical tool or a question of moral values? Tidsskr Nor Lægeforen 2001; 121: 1507–11.
3) Sarinopoulos I, Hesson AM, Gordon C et al. Patient-centered interviewing is associated with decreased responses to painful stimuli: An initial fMRI study. Patient Education and Counseling - 23 November 2012 (10.1016/j.pec.2012.10.021).
4) Neumann M, Edelhäuser F, Tauschel D et al. Empathy decline and its reasons: a systematic review of studies with medical students and residents. Acad Med. 2011;86:996 – 1009.

Kronikk og debatt, Dagens Medisin 09/2019

 

 

Kommentarer

Nyheter fra startsiden

REGJERINGENS PLANER OM SAMMENSLÅING AV SYKEHUS I NORD

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!