ULIK PRAKSIS FOR PROLAPS: Operasjonsraten var høgast i buområde Nord-Trøndelag (124 operasjonar per 100.000 innbyggjarar) og lågast i buområde Telemark (49). Illustrasjonsfoto: Getty Images Foto:

Store geografiske variasjonar for ryggoperasjonar

I Nord-Trøndelag blir pasientar med prolaps i ryggen operert meir enn dobbelt så ofte som pasientar i Telemark med samme diagnose.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Det nye helseatlaset for ortopedi avdekker markante geografiske variasjonar i den behandlinga innbyggjarane får tilbod om. Møre og Romsdal opererer langt fleire slitne kne enn Oslo universitetssykehus, og i Førde er ein mykje ivrigare på å operere handleddsbrot enn i Finnmark. Men den uønska variasjonen stoppar ikkje der.

– Det er gjennomgåande stor variasjon for rygglidingar, seier leiar helseatlastenesta i Helse Førde, Marte Bale.

Ingen private i Telemark
På landsnivå blei i gjennomsnitt 80 pasientar med prolaps i korsryggen operert per år per 100.000 innbyggarar i perioden 2012 til 2016, men variasjonen mellom buområda er stor. Det er særleg Nord-Trøndelag som skil seg ut med høg operasjonsrate; det var meir enn dobbelt så vanleg å bli operert der, som i Telemark.

Knut Jørgen Haug, seksjonsoverlege på ryggseksjonen ved Sykehuset Telemark HF, er overraska over dei store skilnadene.

– Vi har hatt problem med å melde inn akutt-prolapsar i ryggregisteret og har kanskje underrapportert til ryggregisteret, men det forklarer ikkje heile skilnaden. Eg trur også tilbod og etterspurnad speler inn; i Telemark er det berre vi i Skien som opererer prolaps, og det er ingen private aktørar på marknaden som kanskje opererer prolaps villegare og hyppigare, seier Haug.

Skeptisk til å senke indikasjonsnivå
Ved sykehuset i Skien er det fysikalske medisinarar som undersøker alle ryggane først. Dette, saman med dårleg operasjonskapasitet, kan bidra til dei låge tala, trur overlegen.

– Eg kan tenke meg at dei har ei noko meir konservativ tilnærming enn oss kirurgar. Sjølv er eg også ganske konservativ. Det er fleire studiar som viser at resultata etter to år er like gode for dei som ikkje blir operert, som for dei som blir operert, seier Haug.

Sjølv om Telemark har lågast operasjonsfrekvens for prolaps, er han ikkje sikker på om han vil endre praksis.

– Vi må tenke gjennom dette, men eg er skeptisk til å senke indikasjonsnivå. Samtidig ser vi at mange hos oss venter lenge før dei blir operert. Det er uheldig, seier Haug.

Manglande tilbud i kommunane
Klinikkleder for kirurgi i Helse Nord-Trøndelag, Tina Bjørsvik Eilertsen, påpeiker at talet på gjestepasientar i regionen er på 15 prosent.

– Dette indikerer at sjukehusa våre leverer god behandling når folk har ryggplager. Samtidig tyder de totale antall operasjonar på at vi held til i ein geografi som har til dels manglande eller svakt tilbod innanfor konservativ behandling. I flere av våre kommunar er ventetida på fysiskalsk behandling svært lang, og flere stader heilt fråværande. Målt opp mot pasientane sine helseplager og samfunnet sine kostnader knytta til sjukefråvær, velger ein i del slike tilfelle kirurgi for å kunne gje ei behandling som gir effekt. Dette er forhold som nok bidreg til at vi opererer flere enn sjukehus der det samla helsetilbodet er betre utbygd enn i våre distriktskommunar, seier ho.

Ho seier dei jobbar for å redusere operasjonsfrekvenesn.

– Helse Nord-Trøndelag har i fjor og i år arbeida med å gje alternativ behandling og sjå på om vi kan gje god behandling utan kirurgi. Ved Sykehuset Levanger viser tall frå 2017 og 2018 at kurva for antall operasjonar er dalande. Dette er eit arbeid som vil bli vidareført, og heng saman med at vi kontinuerleg ønsker å forbetre vår behandling til beste for pasientane. Mest sannsynleg kan økt grad av konservativ behandling, der det er mulig - erstatte kirurgi, seier Eilertsen.

– Ingen fasit
Ho seier dei vil bruke helseatlaset aktivt i forbetringsarbeidet.

–  Samtidig er vi bevisst at statistikk og sammenligningar ikkje gir alle fasitsvar. Vond rygg er den enkeltlidinga i helsevesenet som «plager flest og koster mest», og det er nødvendig å kontinuerleg vurdere kva som er best for kvar enkelt pasient. Det er neppe slik at dei som opererer færrast behandler for få, eller dei som behandler flest behandler for mange. Mitt poeng er at eit langstrakt land som Norge vil ha ulikheter, og at gjennomsnittet ikkje alltid er fasitsvaret på god og forsvarleg pasientbehandling.

Rapporten viser også at pasientar med prolaps som er busett i buområda St. Olavs, Stavanger og Bergen nesten utelukkande blir operert i eige buområde på offentlege sjukehus. Derimot blir nesten alle pasientar som tilhøyrer Finnmark, Nordlandssykehuset og Helgelandssykehuset operert på offentlege sjukehus i anna buområde eller på private avtalesjukehus.

Vestre Viken skil seg ut
Også behandlinga av spinal stenose i korsryggen, det vil seie trang ryggmargskanal, varierer stort. Høgast operasjonsrate har Vestre Viken med 110 operasjonar, mens Finnmark ligg lågast med 56 operasjonar. «Variasjonen i operasjonsrate var større enn forventa ut frå tilfeldigheiter», heiter det i Helse Førde, som definerer variasjonen som «uønska» fordi det ikkje er kjent at førekomsten av rygglidingar varierer tilsvarande mellom ulike deler av landet.

Det er også store forskjellar i kvar pasientane med spinal stenose blir operert. I buområdet for St. Olavs Hospital blei 98 prosent av pasientane operert i eige område, mens ingen pasientar i Finnmark blei det i same fireårsperiode. Størst prosentdel pasientar som blir opererte ved private anbodssjukehus finn ein i Bergen.

Marte Bale, som har leia arbeidet med helseatlas, seier at dei ikkje har tatt stilling til kva sjukehus som er på «rett spor», men at det blir opp til helseforetaka å evaluere eigen praksis.

Alle i Finnmark reiser ut
– Operasjonsratar kan også bli påverka av tilbodet og organiseringa av helsetenesta forøvrig. For spinal stenose ser vi at nærleik til kirurgi og reiseavstand kan spele inn ettersom alle pasientane i Finnmark måtte reise ut av eige opptaksområde for å bli operert i ryggen, seier Bale.

Mangel på retningslinjer blir trekt fram som ei forklaring på den store variasjonen i behandlinga av spinal stenose.

«Ein stor del av observerte variasjonen reflekterer truleg både tilstanden til kompleksitet, mangel på klassifikasjonssystem for tilstanden og retningsliner for behandlinga. Dette gjer at vurdering av både tilvisnings- og operasjonsbehov i stor grav blir påverka av skjønn», heiter det i rapporten frå Helse Førde.  

Powered by Labrador CMS