Eg har ein draum

Draumen er eit system der fastlegen slepp å ringe byen rundt for å få lagt uavklarte, potensielt alvorleg sjuke pasientar inn på sjukehus.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, fastlege i Oslo (permisjon) og seniorrådgiver i halv stilling i Helsetilsynet

EIN TRØYTT FASTLEGE startar på jobb igjen etter ferien. Det er 24 grader i lufta – ute og inne. Fastlegen er likevel ved godt mot, drikk kaffe og kallar inn første pasient på lista. Kvinne i 60-åra. Nakkesmerter med snikande debut under ferie ved Middelhavet. Undersøkt hos kollega for ei veke sidan. Oppfatta som muskelsmerter. Behandla med smertestillande. Pasienten har intense, uuthaldelege smerter, lokalisert øvst i nakken og i heile hovudet. Smertene stråler ikkje til armane, men ho har vansker for å bevege hovudet.

Fastlegen spør etter kvalme, oppkast eller feber – pasienten avkreftar slike symptom. Fastlegen tenkjer seg om og sender pasienten til laboratoriet for å ta blodprøver. Det viser seg at senkninga er på 95 og CRP på 240.

PÅ VENT. Pasienten fortel at ho har vore til MR på eit privat røntgeninstitutt. Fastlegen ringer for å etterspørre svar. Det er ferieavvikling på røntgeninstituttet, fastlegen kan ikkje forvente svar før om én-to dagar. Fastlegen mistenkjer ei alvorleg diagnose og er klar på at pasienten må inn på sjukehus, men fastlegen er ikkje sikker på kva som er rett avdeling. Fastlegen tenkjer seg ikkje godt nok om og forsøker først å få tak i ein nevrokirurg. Etter ti minutts ventetid på telefon blir fastlegen sett tilbake til sentralbordet. Ingen nevrokirurg å oppdrive. Fastlegen blir bedt om å ringe tilbake.

Fastlegen ringer på nytt. Etter ti minutts ventetid på telefon blir fastlegen sett tilbake til sentralbordet. Ingen nevrokirurg å oppdrive no heller? Jau, vent litt, der var han visst. Fastlegen blir sett over til forvakta. Fastlegen presenterer sjukehistorie, kliniske funn og blodprøvesvar. Forvakta må drøfte saka med bakvakt og vil ringe tilbake. Forvakta ringer tilbake. Denne pasienten må først leggast inn på lokalsjukehuset for avklaring, forklarer nevrokirurgisk forvakt. Sorry! Fastlegen sin feil. Note to self: Nevrokirurg er aldri rette instans så framt fastlegen ikkje kan bevise at pasienten står i akutt fare for å bli lam eller i ferd med å omkomme av ein ekspansiv prosess inne i hovudet.

MØTE MED VEGGEN. Fastlegen pustar djupt med magen og kontaktar lokalsjukehuset. Fastlegen får medisinsk bakvakt på tråden. Fastlegen presenterer sjukehistorie, kliniske funn og blodprøvesvar, dessutan nevrokirurgen sitt råd. I ei bisetning nemner fastlegen at pasienten også har smerter ved tygging. Medisinsk bakvakt konkluderer med at pasienten har tyggeclaudicatio, ergo må dette vere temporalisarteritt.

Fastlegen protesterer. Hør her:Tresifra CRP, ingen smerter i tinningen, men kraftige smerter i nakkeskjelett og hovud? Må vi ikkje utelukke ein bakteriell infeksjon først? Medisinsk bakvakt svarer bryskt: Kontakt reumatologisk avdeling!

Fastlegen legg på og kastar ein halvtom kaffekopp i veggen. To bekymra sekretærar bankar på døra og lurer på om alt er i orden. Fastlegen feiar opp den knuste kaffekoppen og pustar nok ein gong djupt med magen.

INNLEGGING. Fastlegen googler for å finne ut kva slags sjukehus ho no skal kontakte. Fastlegen finn raskt svar på internett og ringer opp. Ein hyggeleg og forståingsfull reumatolog lyttar til fastlegen. Reumatologen meiner at temporalisarteritt er usannsynleg, men muleg – uansett må bakteriell infeksjon utelukkast.

Strengt tatt kunne fastlegen ha lagt inn pasienten på dette tidspunktet. Men fastlegen vil markere seg og ringer lokalsjukehuset. Fastlegen ber om å bli sett over til medisinsk bakvakt: Skal vi avvente svar på MR som kanskje kjem i morgon eller kan eg legge pasienten inn? Ein noko meir forsonleg medisinsk bakvakt seier at fastlegen sjølvsagt må legge inn pasienten – og legg til: Du har gjort ein heiderleg innsats!

Takk skal du faen meg ha!

DRAUMEN. Fastlegen skjenker seg ein ny kopp kaffe. Tenker at det hadde vore godt med ein drink no. Kanskje ein gin tonic eller ein Aperol i varmen? Temperaturen har bikka 28 grader på kontoret. Fastlegen lurer på om ho skal orke å gå gjennom usignerte prøvesvar, epikriser og anna post som har hopa seg opp i løpet av ferien før ho går heim for dagen?

Fastlegen ser tomt og resignert ut i lufta. Ho tek til å tenkje på eit dikt av Olav H. Hauge: «Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje»:

Draumen er at vi får eit system der fastlegen slepp å ringe byen rundt for å få lagt uavklarte, potensielt alvorleg sjuke pasientar inn på sjukehus.

Kronikk og debatt/Legeliv i Dagens Medisin 13/2018

Powered by Labrador CMS