Trugsel mot pasientsikkerheit

Med elektronisk medisinsk kurve utan signeringsfunksjon kan ein pasient liggja å blø over fleire døger – utan at ein i ettertid kan dokumentera kven som kunne, eller burde, gjera tiltak.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Innlegg: Magnus Valland, lege i Helse Bergen

VED MIN arbeidsstad, Helse Bergen, er det innføring av ny, elektronisk, medisinsk kurve. Den medisinske kurven er ryggrada i pasiensikkerheita for pasientar som er innlagt ved eit sjukehus, saman med legetilsynet pasienten får minimum ein gong i døgeret ved den daglege visittgangen.

Den medisinske kurven er verktyet for oss helsepersonell som held oversikta over pasienten sine vitalia, samt ordineringa av medikament.

DOKUMENTASJON. Legen ser over kurveføringa det siste døgeret utførd av sjukepleiarar, går gjennom medisineringa, ser over eventuelle supplerande undersøkjingar, ser til og undersøkjer pasienten, ordinerar/seponerar eventuelle medikament/tiltak, eventuelt journalfører og signerar kurven for det komande døgeret.

Ved innføring av den elektroniske, medisinske kurven ved mi avdeling var difor overraskinga stor, då funksjonen med den daglege legesignering ikkje var tillagt programmet. Den daglege legesigneringa av kurven er sjølve essensen av ei medisinsk kurve; den dokumenterar ansvaret for at pasienten har fått tilsyn og vurdering av lege.

ANSVARSFRÅSKRIVING. Til dømes kan ein pasient som er innlagt i Helse Bergen no, bokstaveleg tala liggja å blø over fleire døger – og kunne dø – utan at ein i ettertid kan dokumentera kven som kunne, eller burde, gjera tiltak. Denne ansvarsfråskrivinga er den største, systematiske trugselen eg har opplevd mot pasientsikkerheita sidan eg starta arbeidet som helsearbeidar i 2006.

Overraskinga var difor større, då systemansvarlege vart varsla og gjort kjent med dette; det var enkelt å leggja til dagleg signeringsfunksjon for lege. Avdelinga mi fekk dette eitt døger etter varselet.

ALVORLEG. Over middels interessert i pasientsikkerheit og kurveføring, freista eg å varsla systemansvarlege at den daglege legesignerina av kurven, bør gjelda alle som tek den i bruk. Dette vart ikkje lytta til. Varsel vart difor sent til Fylkeslegen i Hordaland, utan at tiltak enno er gjennomførd: Kurven lever no sitt eige, usignerte liv på mange avdelingar.

Vonarleg kan dette innlegget bidra som ein augeopnar for mine kollegaer i sjukehus med kurve utan signeringsfunksjon, slik at tiltak vert iverksatt. Kva hjelper det med autorisasjon, kompetanseplanar, brannkurs, meldekultur, dobbelt signering av sjukepleiar ved medikamenutlevering, når ingen lege dokumentererar det daglege ansvaret for at pasienten i heilte teke pustar?

Ingen oppgitte interessekonfliktar

Powered by Labrador CMS