Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Den norske modellen

På fastlegekontoret har eg orkesterplass til livet.

Annons:

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, fastlege ved Kurbadet legesenter i Oslo og seniorrådgiver i Helsetilsynet

I FJOR VANN Noreg for første gong FN si kåring av verdas mest lukkelege land. Vi toppar lista fordi vi scorar høgt på omsorg, fridom, generøsitet, ærlegdom, helse, inntekt og eit godt styresett. Likevel ulmar det av misnøye på sosiale medium og i kommentarfelta. Noko av retorikken kan gi inntrykk av at samfunnet vårt står på randen av samanbrot og kaos. På Dagsnytt 18 sit enkelte samfunnsdebattantar og hevder at vi lever i ein borgarkrigsliknande tilstand. Eg får det ikkje til å rime.

Den 8. mars, på den internasjonale kvinnedagen, var eg på jobben - det var ein vanleg torsdag og arbeidsdag. Mannen min gjekk på ski til Skjennungstua i Nordmarka. Han kunne rapportere om grupper av kvinner med bittesmå barn og grupper av menn med litt større barn – openbert unge foreldre som er i permisjon for å ta seg av sine barn, og som hadde dradd på skitur med dei søte små i pulk innover i marka.

For meg er denne observasjonen eit sterkt bilete på kva vi faktisk har fått til i det norske samfunnet.

DEN NORSKE MODELLEN. I fare for å bli for politisk, må eg få seie at eg har klokketru på den norske modellen. Ein modell som har gitt oss eit land med små forskjellar mellom folk, høg deltaking i arbeidslivet blant kvinner, låg arbeidsløyse, høg grad av likestilling, fellesskulen, gode velferdsordningar og høg økonomisk vekst. Og som har ført oss til toppen av verdas lukkebarometer.

Dei fleste av oss er på ein eller annan måte inkludert i samfunnet sitt komplekse nett av relasjonar og institusjonar – i familien, venerelasjonar, skule, arbeidsliv og nabolag. Men nokre kjenner seg av ulike grunnar ikkje som ein del av fellesskapet. Nokre har andre ideal og ønskjer seg eit anna type samfunn enn det vi har. Det må dei få lov til. Andre har ufrivillig hamna i eit uføre, på grunn av sjukdom, arbeidsløyse eller andre vanskar. Desse står i fare for å bli marginalisert eller sosialt utstøytt.

UTANFOR. Marginalisering er eit omgrep som skildrar korleis enkelte grupper eller personar av ulike grunnar beveger seg i ei gråsone mellom sosial integrasjon og utstøyting. Marginalisering som startar i utdanningssystemet, kan få alvorlege konsekvensar for seinare sjansar i arbeidslivet, i sosialt liv, sjansen til å etablere seg med familie – og mulegheit til å forsørgje eigne barn.

Sosial eksklusjon er eit mogleg utfall av ein slik prosess, då har du «tippa over kanten». I mange vestlege land har ein i seinare år sett ein aukande tendens til at enkelte grupper fell utanfor fellesskap og velferdsordningar. Samfunnet som heilskap er tent med at færrast mogleg hamnar i ein marginalisert posisjon.

INNAFOR. Sjølv er eg ei av dei som er innafor. Eg høyrer til den akademiske middelklassen, eg har trygg jobb og god inntekt. Eg elskar NRK og høyrer på Dagsnytt 18 dagleg. Eg deltek på dugnad med glede og er i overkant glad i diagonalgang på ski.

Eg ser korleis det tek seg ut. Eg er ein av dei privilegerte. På fastlegekontoret har eg orkesterplass til livet. Der møter eg ei anna side av røynda. Eg møter menn som ingen treng. Rusavhengige. Einsame. Folk som ikkje får seg jobb. Folk som har mista jobben. Folk som har levd på arbeidsavklaringspengar i fleire år. Folk som er avhengig av sosialstønad for å overleve. Folk som lever på eksistensminimum og må telle kvar krone.

Andre eg møter, ber på ein enorm mistillit til offentlege instansar. Dei føler seg hundsa med og sett ned på, og har ingenting til overs for det samfunnet eg har lært å sette pris på. Det kan vere at nokre av desse folka er av dei som ytrar misnøye i det offentlege ordskiftet, og då med god grunn. Men eg har likevel ei klar kjensle av at dei som ropar høgast, ikkje er dei som har størst grunn til det.

KVA SKAL TIL? Etter arbeidstid den 8. mars tok eg toget eins ærend til Drammen for å høyre mi gode venninne advokaten halde appell om #metoo, skamlause jenter og andre aktuelle kvinnesaker. Etter å ha gått i 8. mars-tog for første gong på årevis, deltok eg på fellesarrangementet på Folkets hus. Når eg såg meg rundt i lokalet, på stolte jenter og kvinner i alle aldrar, som har stått og står på barrikadane for eit betre samfunn, kjente eg meg røyrt og takksam. Eg kjente meg sikker på at vår samfunnsmodell er det beste vi kan få til. Dei fleste er med i flokken.

Dei sentrale spørsmåla er kva som skal til for å få flest mogleg til å kjenne seg heime i fellesskapet – og korleis vi skal hindre at færrast mogleg fell utanfor det gode selskap. Det finst ikkje enkle svar.

Kronikk og debatt/Legeliv, Dagens Medisin 07/2018

Kommentarer

  • Aud Jorunn Hovland 10.04.2018 09.27.50

    Tankevekkende og flott beskrevet. Både individets og samfunnets evne til inkludering, deling og felleskap vil bety mye framover for å opprettholde den norsk modellen. Ikke bare beholde, men utvikle den til beste for alle, også for de som har falt utenfor eller står i fare for å falle utenfor.

Nyheter fra startsiden

Fastlegeoppgjøret

– Useriøst av Høie

Brudd i forhandlingene om normaltariffen

KS oppfordrer kommunene til dialog med fastlegene2

Seksuelle minoriteter

WHO friskmelder fetisjister

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!