Tause vitne

Å vekse opp i eit land der fridom står støtt og der muligheitene er mange, har visse utfordringar med seg. Ei av desse er at det er enkelt å gå seg vill i ein spiral av likegyldighet.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

UNGE STEMMER-KOMMENTAREN: Sara Eriksen (f.1996), lokallagsleder for MedHum Bergen og medisinstudent ved UiB

MISFORSTÅ MEG rett: Som helsepersonell høyrer ein til ei av dei yrkesgruppene i samfunnet med kanskje størst ønske, og føresetnader, for å kunne tale og handle i globale spørsmål. Det er ikkje få av mine medstudentar som har valt denne yrkesvegen, nettopp grunna eit ønske om å kunne bidra – og å kunne hjelp andre.

Det overraskar meg derfor stort at det ikkje er fleire som vel å stå opp for, og engasjere seg i, saker som rammar menneske i nød.

HUMAN POLITIKK? Eit eksempel på dette er det lenge diskuterte og debatterte temaet; innstramminga i den norske asylpolitikken. Her om dagen leste eg eit debattinnlegg skriven av jurist Georg Fr. Rieber-Mohn, som tar eit oppgjer med den returpraksisen vi er vitne til i Norge i dag.

I innlegget trekker han fram ein ung afghansk gut si historie. Ei historie som innebar ei dramatisk flukt frå Kabul til Norge etter å ha vore vitne til at nær familie og venner blei skutt framfor hans eigne auger. Med store traumar i bagasjen fekk han eit nytt liv her i vårt «paradis», som Rieber-Mohn beskriver vårt land som.

Og ja, Norge er på mange måtar eit paradis på den kloden vi lever på i dag. Eit paradis vi «gjerrig» skal verne om.

ANGST – ELLER HÅP? Den unge afghanske guten har gjennom fleire år fått venner her, lært seg norsk, gått på skule og opplevd ein tryggleik. No vil den norske staten sende denne guten tilbake til Kabul. Dette til tross for ein kropp under psykiatrisk behandling, full av angst, depresjon og med eit sjølvmordsforsøk i bagasjen. I Kabul står han på egne bein, utan familie og venner.

Etter ein pågåande dragkamp i Stortinget i november foreslo Arbeidarpartiet å endre regelverket som omhandlar mindreårige asylsøkjarar. Forslaget inneberer ei større vekting av sårbarhetskriteria og at avslag på opphald skal behandlast på nytt.

Med eit nødskrik kan guten frå Afghanistan puste letta ut. Men om utfallet i saken vil endrast, er det ingen som endå veit.

VÅRE STEMMER. Har ikkje vi, som helsepersonell, ein stemme oppi dette? Ein stemme vi har eit ansvar for å bruke? Kan vi verkelig tillate oss sjølv, som yrkesgruppe, å vere tause vitne til ein slik praksis? Ein praksis som på alle måtar er stikk i strid med alt som kan kallast humant?

Eg beundrar menneske som trur på verdiar som medmenneskeligheit, omtanke og godheit, og dei finst det heldigvis mange av. Faget medisin bygger i stor grad på slike verdiar. Men eg beundrar endå meir menneske som faktisk står opp for desse verdiane ved å bruke stemma si.

Desse opplever eg, dessverre, at det finst for få av.

Kronikk og debatt, Dagens Medisin 21/2017

Powered by Labrador CMS