Manglande samhandling for dei mest sårbare

Med dagens utfordringar innan psykisk helse for born, unge og vaksne, er det uforståeleg at psykomotoriske fysioterapeutar ikkje er primærkontaktar.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Innlegg: Inger Anita Herheim, spesialist i psykomotorisk fysioterapi, Voss

PSYKOMOTORISKE fysioterapeutar som arbeidar med traume og samansette psykomotoriske lidinga, har ikkje same rettigheitar til å samhandle med Nav og andre samarbeidspartnarar som er involvert i pasientens rehabilitering, slik manuellterapeutar og kiropraktorar har.

Sjølv om psykomotorikaren er hovudterapeuten til pasienten, har terapeuten verken møterett eller sjølvstendig uttalerett overfor Nav.

BODBERARAR. Nav og arbeidslivet slit med å leggje til rette for personar som har ei svært varierande arbeidsevne. Verdifulle opplysningar om pasientens ressursar vert filtrert gjennom fastlegen, og i verste fall når den ikkje fram til Nav, noko som kan føre til manglande og feilaktig framstilling av pasienten.

Pasientane opplever seg ofte som bodberarar mellom dei ulike nivåa i helsetenesta, og mellom Nav og helsetenesta som forsterkar faren for fragmentert informasjon.

PARADOKS. Den ferske boka Ingenmannsland, skrevet av Håvard Aagesen, formidlar godt om bodbringar-rolla som oppstår når ein vert alvorleg og langvarig sjuk. Det er eit paradoks når hovudterapeuten ikkje har den formelle rettigheita til å uttale seg eller møte NAV. Snakk om at terapeuten og er i eit ingenmannsland utan anna formell rettigheit enn den klassiske assistenten til fastlegen.

Pasientrettigheita for dei mest sårbare pasientane som psykomotoriske terapeutar arbeidar med, er dermed ikkje ivaretatt på same vis som pasientar som får manuellterapi eller kiropraktikk.

PRIMÆRKONTAKT. Psykomotoriske terapeutar møter store hindringar i sine ynskjer om samhandling med anna helsepersonell og Nav, fordi dei ikkje har primærkontaktrollen. Primærkontaktrollen, som manuell terapeutar og kiropraktorar har, gir rett til å henvise, sjukmelde og samhandle med aktuelle samarbeidspartnar.

Psykomotoriske fysioterapeutar har same utdanningsnivå som manuellterapeutar, og har ei unik norsk, forskingsbasert utdanning som arbeidar med samansette psykomotoriske lidingar. Med dagens utfordringar innan psykisk helse for born, unge og vaksne, er det uforståeleg at psykomotoriske fysioterapeutar ikkje er primærkontaktar.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Kronikk og debatt, Dagens Medisin 08/2017

Powered by Labrador CMS