Endringar i haldningar for å endre framtida

Helseministeren uroar seg for gamaldagse haldningar i psykiatrien. Korleis skjøttar statsråden sitt øverste ansvar for bruk av tvang i psykiatrien?

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

7

Innlegg: Jeanette Bjørke-Bertheussen, overlege i psykiatri ved Stavanger universitetssjukehus (SUS)
Melissa Weibell, overlege i psykiatri ved SUS

HELSEMINISTER Bent Høie skriv i Dagens Medisin at han ønsker å kaste det gamaldagse på skraphaugen, men han utdjupar ikkje nærare kva han legg i det. Kva haldningar og arbeidsmåtar er det som er avleggs? Og kven innehar definisjonsmakta til å bedømme korvidt det faktisk er slik?

Helseministeren tek på seg ansvaret for bruk av tvang, saman med andre leiarar i dei regionale helseforetaka. Korleis tilrettelegger helseministeren for at fagfolk kan få best mogleg vilkår til å gjere denne viktige jobben?

Den gylne regel, som seier at rusbehandling og psykisk helsevern kvar for seg skal ha ein årleg vekst som er høgare enn vanleg sjukehusbehandling, blei ikkje innfridd i 2015. Helseministeren har innført eit krav som manglar evidens i form av medikamentfrie tilbod (1). Er me verkeleg på veg framover?

HALDNINGAR. Debatten om tvang har vore mykje oppe i media det siste året, men me er nok alle samde om at ein bør nytte så lite tvang som mogleg. Det fins fleire former for tvang, og blant tvangstiltaka bør det skilles mellom dei akutte tvangstiltaka jfr §4–8 i Lov om Psykisk helsevern (2). Alle desse ligg tett opp til naudrettsbetraktningar. Det kan fattes vedtak om bruk av mekaniske tvangsmiddel, kortvarig anbringing bak låst dør, enkeltståande bruk av korttidsverkande legemidler eller kortvarig fasthalding jfr §4–8 når det er uomgjengeleg naudsynt for å hindre skade på personal eller pasient, eller for å avverge betydeleg skade på inventar. Det er i stor grad slike vedtak blant anna VG har fokusert på, og då særskilt bruk av mekaniske tvangsmidler.

Mange tenker at det dreier seg om behov for endra haldningar, men i tillegg synes helseministeren å gløyme at omsynet til pasientane somme tider må vegast mot omsynet til oss som jobbar i psykisk helsevern og vårt krav til eit lovleg og forsvarleg arbeidsmiljø (3). I vårt helseforetak, Helse Stavanger, blei det i 2015 meldt om over 600 ansattskader inkludert verbal sjikane og valdsskade i psykiatrisk klinikk, samanlikna med ca 80 i somatiske einheiter (4).

Har ikkje helseministeren også eit ansvar for vår arbeidssituasjon?

RISIKO. Det oppleves som ei forventning at me som helsepersonell i psykisk helsevern skal tole stor grad av risiko på arbeidsplassen. Dette står i kontrast til kor lite risiko som aksepteres ellers i samfunnet, eksemplifisert ved nullvisjon for sjølvmord. Me er ikkje dei einaste som ber helseministeren lytte til helsepersonell.

Alvorlege psykiske lidingar medfører ein auka risiko for død, slik som ved andre alvorlege lidingar til dømes kreft, diabetes eller hjartesjukdom. Ein vil aldri kunne hindre alle suicid, og evidensbasen er klar på at me per i dag ikkje kan førutsei kven som tar sitt eige liv (5). Vil ein onkolog bli klandra for å ikkje kurere alle sine pasientar? Me trur svaret er nei. Kvifor skal det vere annaleis med psykiatrien?

KVIFOR? Andre lovendringar som trer i kraft seinare i år, inneber at pasientar som har alvorlege psykiske lidingar, men som er samtykkekompetente, kan takke nei til innlegging og medikamentell behandling. Me undrar oss over korleis helseministeren ser føre seg at dette vil redusere bruken av tvang? Pårørande har uttrykt bekymring for at det motsatte vil skje (6), og me deler denne bekymringa.

Alvorleg sjuke pasientar med til dømes psykose-lidingar vil kunne nekte verksam behandling (7). Utan behandling vil symptomer auke, funksjonsnivået bli dårlegare, og pasientar må bli så dårlege av si sinnsliding at dei ikkje lenger er samtykkekompetente for å kunne få behandling. Me finn det vanskeleg, både fagleg og etisk sett, å skulle stå ansvarleg for eit slikt behandlingsopplegg, og me etterlyser ei utgreiing om kvifor helseministeren tenker dette er ei betre tilnærming enn det dagens lovverk gir moglegheit til.

EIN FORDEL? Med dei nye lovendringane blir det frå 1. september slik at observasjonstida før ein kan fatte vedtak om behandling utan eige samtykke jfr. §4-4, forlenges frå tre til fem dagar. Slike vedtak fattes stort sett kun for alvorlege psykiske lidingar, til dømes psykose eller mani. Vil pasientane få det betre av å få utsatt behandlinga ytterlegare to dagar? Vil dette endre utfallet? Er det i det heile noko som tilseier at dette er til fordel for pasienten?

Me imøteser gjerne om helseministeren vil dele kunnskapsgrunnlaget sitt kring dette med oss.

FLÅSETE. Alle pasientar i Noreg har krav på å bli møtt med like haldningar, lik behandling og lik tolkning av lovverket. VGs reportasjer gir inntrykk av at lovverket praktiseres ulikt rundt om i landet, og me meiner det er her ressursar må settes inn. Ein må ta omsyn til at det er mennesker som jobbar med pasientane og pårørande. Eit heilt samfunn lever og arbeider rundt pasienten, og alle desse må og ivaretas på best mogleg måte. Å gå ut og stemple haldningar som gamaldagse, synes unødvendig flåsete av helseministeren. Vidare vel han å endre lovverket heller enn å rydde opp i praksis.

Me oppfordrar helseministeren og andre helseleiarar til å velge fag framfor synsing, slik moderne haldningar tilseier.

Ingen oppgitte interessekonflikter
Referanser:
1) Rossberg, J.I., O.A. Andreassen, and S.O. Ilner, Tidsskr Nor Laegeforen, 2017. 137(6): p. 426-427.
2) omsorgsdepartementet, H.-o., Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernloven). 2016.
3) sosialdepartmentet, A.-o., Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) 2016.
4) Heie, K., Tiltaksplan - vold og trusler om vold med våpen Helse Stavanger. 2016.
5) Large, M., et al., Meta-Analysis of Longitudinal Cohort Studies of Suicide Risk Assessment among Psychiatric Patients: Heterogeneity in Results and Lack of Improvement over Time. PLoS One, 2016. 11(6): p. e0156322.
6) Gulliksen, S., Selvbestemmelse på helsa løs. Nordlys, 2017.
7) Kroken, R.A.o.J., Erik, Evidens for økt livslengde ved bruk av antipsykotika. Dagens Medisin, 2017.

Powered by Labrador CMS