Orden i eige hus

Legeerklæringar og uføresaker blir ikkje meir lystvekkjande når du har utsett dei i vekevis.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, fastlege ved Kurbadet legesenter i Oslo og seniorrådgiver i Helsetilsynet

I JANUAR rydda eg i eige hus. Eg har rydda i skuffer og skap, vaska rundt på kjøkkenet og kasta ubrukelege og øydelagde saker. Eg har sortert meg gjennom klesskap, kasta utslitte plagg, lagt av alt som er for smått, og ikkje i bruk, til korpset sin loppemarknad – eller gitt vekk til Fretex. Eg har endå til sortert kleshengarar og skifta ut alle dei stygge i ståltråd og plast med fine i tre.

Målet er å lage eit system for orden som let seg oppretthalde over tid. Alt skal ha sin faste plass og settast tilbake dit når det ikkje er bruk. Det er lettare sagt enn gjort. Særleg når resten av familien ikkje har det same synet på orden som meg sjølv. Eg ser for meg at prosjektet mitt blir eit sisyfosarbeid.

GLEDE. Rydding er ein trend i tida. Psykiater Finn Skårderud skriv om fenomenet i avisa. Norske kjendisar gir ut ryddebøker. Boka «Magisk opprydding» av japanske Marie Kondo har seld millionvis på verdsbasis. Det handlar ikkje berre om å ha det ryddig rundt seg, men også mental helse, ommøblering i eige hovud og om å bli eit lukkeleg menneske. Kunsten er å eige minst mogleg, i følgje ryddeguruen Kondo. Då blir det også lettare å halde orden.

Kondo si løysing for å kvitte seg med ting, er å kjenne på kva som gir glede. Til dømes i klesskapet. Du skal halde kvart enkelt plagg opp framfor deg, sjå nøye på det og spørje: «Gir dette plagget meg glede?» Dersom svaret er ja, tek du vare på det. Dersom nei, skal du med audmjukt sinnelag takke plagget for følgjet og sende det til nokon andre som kan ha glede av det.

MEISTRING. Personleg opplever eg at eg vert meir ryddig i hovudet når eg har det ryddig rundt meg. Eg ser med undring på andre som tilsynelatande tek det heilt med ro sjølv om alt flyt rundt dei. Det hadde eg ikkje makta. Men handlar dette ryddebehovet eigentleg om noko anna? Ifølgje Finn Skårderud er det eit menneskeleg trekk å rydde i det ytre når det er rot i det indre. Når vi mistar oversikta i ei komplisert verd, tek vi grep på privaten, elles blir det kaos. Det er ein måte å ta kontroll på. Men då kan det tippe over i tvang og nevrosar.

Skårderud meiner at ei stor utfordring i våre rotete liv, nettopp er å tole rot, tole tvil, det usikre, vårt eige djup, dei mørke og vanskelege kjenslene. For stort kontrollbehov og manglande meistring av rot og uro kan ende opp i sjukdom.

INNBOKS-KONTROLL? Tidlegare fastlege Jørn Kippersund held foredrag om ein ryddig arbeidskvardag for legar og andre trengande. Han kallar det innboks-kontroll. Og då meiner han innboks i utvida forstand. Det kan vere kjøkkenbenken, skittentøyet, posthylla eller innboksa i epost-programmet ditt: Alle stadar der arbeidsoppgåver hopar seg opp. Å handtere kvar oppgåve berre ein gong, gir størst effektivitet, ifølgje Kippersund.

Trikset er å ta unna arbeidsoppgåvene fortløpande. Dette betyr at du må slutte å prokrastinere. Det typiske er at kjedelege, tunge oppgåver vert liggande fordi du ikkje orkar å utføre dei akkurat no. Men oppgåva vert ikkje lettare dersom du utset den. Tvert om. Legeerklæringar og uføresaker blir ikkje meir lystvekkjande når du har utsett dei i vekevis. Sjølvmeldinga går ikkje som ein leik når du har utsett sorteringa av bilag til like før leveringsfrist.

OPPGÅVELØYSING. Når du har 1000 meldingar liggande i innboksa di, har du liten kontroll med dei uløyste oppgåvene. Kippersund rår oss til å tømme innboksa heilt. Når du har tømt den, kan du leggje tilbake epostane du veit krev handling frå deg. Frå no av skal du bruke innboksa som ei oppgåveliste. All epost som hamnar der, er oppgåver som må løysast før du anten slettar eller arkiverer dei. Dersom du let deg avbryte kvar gong du får ei ny arbeidsoppgåve, fører det ofte til at du kikkar på oppgåva og tenkjer at du skal ta den igjen seinare.

«Seinare» er ein tvilsam stad for oppgåveløysing. Utfør oppgåvene fortløpande ettersom dei kjem inn, då sparer du krefter og er i stand til å jobbe meir effektivt. Eit slikt system kan du i prinsippet bruke på alle arbeidsoppgåver du skal løyse.

Sjølv har eg rimeleg god innboks-kontroll for tida, både på fastlegekontoret og i heimen. Har kaoset i kjølvatnet av Donald Trump ført til uro innvendig og stigande ryddebehov? Det kan godt hende. Men det har ikkje tippa over i tvangsnevrosar enno. Eg toler litt kvardagsrot.

Snart set eg i gong med neste prosjekt; kjellar og loft. Eg elskar å rydde.

Kronikk og debatt/Legeliv, Dagens Medisin 04/2017

Powered by Labrador CMS