På tide å sjå det store biletet

Omlegginga av spesialistutdanninga er eit gyllent høve til å auke talet på turnusplassar og LIS-1 så det svarer til framtidas legebehov. Det er uheldig om rekruttering frå andre land blir ei varig løysing på å dekkje vårt eige spesialistbehov.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Innlegg: Nora Haaland Serigstad, arbeidslivsansvarlig i Norsk medisinstudentforening (Nmf)

NORSK medisinstudentforening (Nmf) og Legeforeningen har i lang tid varsla om legeunderskot i norsk helsevesen. Nå er det spesialistmangel i norsk helsevesen, og eit behov for å auke talet for turnusplassar.

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) i Helse og omsorgsdepartementet har uttalt til Dagens Medisin at det er behovet i tenesta som er avgjerande for talet på turnusplassar.

UNDERSKOT PÅ LEGAR. I så fall kan me forvente ei snarlig auke i talet stillingar. I 2013 var det behov for nytilsetting av 1110 legar i norske sjukehus og kommunar, medan talet for utlyste turnusstillingar var på 950, noko som altså ga eit underskot på 150 leger i forhold til behovet i tenesta.

I 2015 var det tilsvarande talet på 250. Talet er forventa å auke i åra som kjem ettersom talet på legar som går av med pensjon, stiger – og oppgåvene til helsevesenet blir stadig fleire.

Når det er behov for fleire legar i norsk helsevesen enn det er turnusplassar, blir dette problemet «løyst» ved å rekruttere ferdig utdanna spesialistar frå utlandet. Med 35 prosent utanlandske statsborgarar blant spesialistgodkjenningane dei seinaste åra, er det litan tvil om at Noreg ikkje sjølv utdannar så mange spesialistar som me treng. Sjølv om det er mange gode legar som blir rekrutterte frå utlandet til Noreg, er det farleg å gjere seg for avhengige av denne rekrutteringa.

SVÆRT UHELDIG. Det er ikkje berre i Noreg at legemangelen melder seg. Det er nemleg venta at det totale underskotet på helsearbeidarar i Europa vil nå én million i 2020. Det er difor svært uheldig om rekruttering frå andre land blir ei varig løysing på å dekkje vårt eige spesialistbehov, då det er direkte bidragsytande til hjerneflukt.

Noreg har signert WHOs Global Code of Practice on the International Recruitment of Health Personnel, der me forpliktar oss til å jobbe for å i størst grad utdanne eigne helsepersonell i staden for å rekruttere frå andre land, som eit direkte tiltak for å hindre hjerneflukt.

Regjeringa følgjer altså ikkje opp sine eigne lovnader.

GYLLENT HØVE. Noreg har eit moralsk ansvar for å utdanne eige helsepersonell, og Nmf meiner at kapasiteten i turnus og spesialisering skal vere dimensjonert til legebehovet. Me støttar Torgeir Michaelsen, helsepolitisk talsmann (Ap) i at det er på tide å handle i denne saka.

Dette er ikkje tida for å krangle om to plassar her og to plassar der, men for å vise evne til å ta ansvar både for eigen og global helseteneste.

Omlegginga av spesialistutdanninga er eit gyllent høve til å auke talet turnusplassar/LIS-1 så det svarer til framtidas legebehov.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS