Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Saman er vi litt mindre åleine

– Eg vil heidre mine gode vener; anestesilegen, barnelegen, barnepsykiateren, nevrologen og augelegen. Saman er vi mindre åleine.

Annons:

Legeliv: Lisbeth Homlong, fastlege ved Kurbadet legesenter i Oslo og seniorrådgiver i Statens Helsetilsyn

Etter ein lang arbeidsdag på legesenteret kipper eg dei flate Birkenstock-sandalane av føtene og vrenger kittelen over hovudet. Eg slenger meg på sykkelen, trør opp den tunge bakken over St. Hanshaugen, med hjelmen på snei. Vel heime er eg sveitt og sliten, håret er flatt og huda gusten. Middag må lagast, born må følgjast opp, lekser må lesast, fotballtrening og dansetimar må koordinerast.

Slik er livet som fastlege og småbarnsmor i Oslo anno 2016 – og som nyutklekka spaltist i Dagens Medisin. Eg har altså hamna i same bransje som Carrie Bradshaw, heltinne i HBO-serien Sex & singelliv, fashionista og fast spaltist i The New York Star.

NETTVERKET. Min kvardag kan neppe samanliknast med den meir glamorøse kvardagen til Carrie Bradshaw, der ho trippa rundt på Manhattan i designerplagg og lekre Jimmy Choo-sko. Livet bestod for det meste av lunsjtreff med venninner, Cosmopolitans, dating av ymse menn og ein evig jakt på Mr. Big.

Men har Carrie og eg likevel noko til felles? I alle fall ikkje talet på designersko og dyre vesker. Derimot har vi begge eit godt kvinnenettverk som vi støttar oss på. Når eg legg meg på sofaen etter ein slitsam dag på jobben, treff eg dagleg på fem av mine studievenninner på Messenger chat. Carrie har Miranda, Samantha og Charlotte. Eg har anestesilegen, barnelegen, barnepsykiateren, nevrologen og augelegen. Vi har følgd kvarandre gjennom studietid og arbeidsliv, kvardag og fest, bryllaup og barnefødslar, samlivsbrot og dødsfall – små og store gleder, små og store kriser.

Eit slikt nettverk er gull.

EINSEMND. God sosial støtte betyr at ein får kjærleik og omsorg, ein blir akta og verdsett, ein høyrer til i eit fellesskap. Forsking har vist at sosial isolasjon og einsemd er knytt til auka risiko for alvorlege sjukdomar som hjarte- og karsjukdom, demens og tidleg død.

I eit intervju med VG i fjor uttala helseminister Bent Høie at einsemd er like farleg som å røyke og omtala einsemd som eit usynleg folkehelseproblem. Resultat frå ein britisk observasjonsstudie frå 2013 tyder på at einsemd og sosial isolasjon er ein risikofaktor for tidleg død hos eldre. I denne studien samanlikner forskarane folk med omtrent like god helse, lik utdanning og inntekt. Dei som var sosialt isolert, døydde tidlegare enn dei med gode sosiale relasjonar.

I studien viste forskarane til nokre mulege årsaker til at isolasjon ser ut til å vere farlegare enn einsemd. Til dømes kan det vere slik at et nettverk av familie og vener hjelper ein person til å fange opp symptom på alvorleg og akutt sjukdom som ein straks treng behandling for. Ein del helseskadeleg åtferd, som røyking eller usunn kost, er dessutan enklare å unngå med sosial støtte.

SKAMFULLT. Kvardagen på fastlegekontoret inneber kontakt med pasientar som gjennomlever sjukdom og kriser. Eg spør alltid etter familierelasjonar og nettverk når pasientane kjem til meg for hjelp. Nokre pasientar har lite familie og ingen nære fortrulege dei kan kontakte om dei treng nokon å snakke med. Mange opplever dette som vanskeleg – og skambelagt. Eg kan bidra som profesjonell samtalepartner – men det offentlege hjelpeapparatet kan ikkje erstatte verdien av sosiale relasjonar.

Ein skal altså ikkje underslå verdien av eit godt venenettverk og slike vert stadig tematisert, og gjerne idyllisert i sosiale mediar og populærkulturen. Det kan vere ekstra skamfullt ikkje å ha eit nettverk å støtte seg på når idealet synast å vere eit lass av sosiale relasjonar.

MINDRE ÅLEINE. Sjølv kjenner eg meg ganske heldig. Som har gode vener – og mr. Big. Av og til kan eg likevel føle meg einsam og åleine. Einsemd er til ei viss grad eit naturleg fenomen som høyrer til sjølve vilkåret for den menneskelige eksistens. Men «man måste jämföra», som 10-åringen sa i filmen «Mitt liv som hund», idet han samanlikna seg sjølv og sin eigne problem med den sovjetiske romhunden Laika som vart sendt i bane rundt jorda – utan håp om å vende tilbake nokon gong. I 2008 vart Laika heidra med eit monument nær den militære forskingsstasjonen i Moskva, der Laika si romreise starta. Monumentet viser ein hund ståande på toppen av ei rakett.

Eg vil nytte høvet til å heidre mine gode vener anestesilegen, barnelegen, barnepsykiateren, nevrologen og augelegen. Saman er vi mindre åleine. På vårt beste vil eg påstå at vi er like glamorøse som Carrie, Samantha, Miranda og Charlotte.

Fleire kjelder:

A. Steptoe m.fl. (2013) Social isolation, loneliness, and all-cause mortality in older men and women. PNAS, publisert på nett 25. mars 2013

Lunde, L.-H. (2016). Lever vi i ensomhetens tidsalder? Om ensomhet blant eldre [Are we living in the age of loneliness? On loneliness among older adults]. Scandinavian Psychologist, 3, e4.

Ingen oppgitte interessekonflikter

 

Kronikk og debatt, Dagens Medisin 13/2016

Kommentarer

Kontrollspørsmål for kommentarer   4 + 4 =   (legg sammen tallene for å kommentere)
Jeg godkjenner publisering av artikkelkommentaren og Dagens Medisins regler for kommentarinnlegg.


  • Feil 05.09.2016 22:57:16

    Ja, like og rike barn finner jo som regel den sosiale, tonen.... Slik at kassamannen, vaskemannen, søppelmannen og septiktmannen endelig kan få, roen... Der nederst, i Rema 1000, doen.... http://www.motherjones.com/media/2015/04/what-doctors-are-really-saying-about-you

Nyheter fra startsiden

Trakk anken: Likestillingsombudets vedtak blir stående

OUS diskriminerte ansatt etter fødselspermisjon4

RAPPORT OM UNDERERNÆRING HOS ELDRE

– Det blir ikke gjort noe som monner1

Behandling i legevakt etter rusforgiftning

– Behov for bedre oppfølgingsrutiner

RETNINGSLINJER FOR IMMUNTERAPI

Reagerer på uklare råd om ny immunterapi

Strategi 2030 for Helse Midt-Norge

Svarer RHF-direktøren i video2

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!