For mange byråkratar?

Vi høyrer stadig påstandar om at sjukehusa snart består av fleire byråkratar enn medarbeidarar som driv med pasientbehandling. Diskusjonane i valkampen sit endå friskt i minne. Men er det verkeleg slik?

Publisert

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

Hilde Brit Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør, Helse Vest RHF

SVARET ER eit klart og tydeleg nei. No må det bli slutt på å omtale medarbeidarane i helsevesenet på ein slik nedsetjande måte.

2012 var det beste sjukehusåret i Helse Vest si historie. Pasientbehandlinga er nær dobla sidan 2002, samtidig som ventetidene er reduserte til ein tredjedel. Ser vi tilbake til 2002, då vi overtok ansvaret for spesialisthelsetenesta frå fylkeskommunane, er det sant at vi har blitt fleire medarbeidarar.

ENDRINGANE. Men, vi har også fått fleire nye oppgåver. Blant anna har vi overteke ansvaret for pasientreiser frå Arbeids- og velferdsetaten (Nav), rusområdet er overteke frå fylkeskommunen, og vi har fått ansvaret for behandlingshjelpemidlar og gjestepasientoppgjer.

Vi har også hatt ei betydeleg satsing på utvikling av nye IKT-løysingar i regionen. Innføringa av felles elektronisk pasientjournal er eit eksempel. Det er viktig at helsepersonell bidreg i denne utviklinga, men dei kan ikkje utvikle og drifte løysingane. Det finst altså oppgåver andre yrkesgrupper enn helsepersonell skal, og må gjere, for at oppgåvene skal bli løyste på ein best mogleg måte.

Det er også ein gryande diskusjon om kva oppgåver som kan løysast best mogleg av andre enn helsepersonell – og mellom grupper av helsepersonell. Dette er ikkje byråkrati, men effektiv og god samhandling til det beste for pasientane og medarbeidarane i sjukehusa.

BYRÅKRATAR? Når det er sagt, er det desto viktigare å påpeike at definisjonen på administrative stillingar/byråkratar ikkje er klar i statistikkane som politikarar og andre legg fram. Utan kjennskap til dette kan det synast som om alle leiarar, anten dei er avdelingssjukepleiarar eller merkantile tilsette innanfor IKT, blir oppfatta som byråkratar.

La oss gå til fakta. For å organisera verksemda best mogleg, er sjukehusa delt inn i klinikkar, seksjonar, avdelingar og postar. På Vestlandet er det til saman 2000 einingar. Mange av desse klinikkane, og for den saks skuld fleire av seksjonane og avdelingane, er betydeleg større enn ei gjennomsnittleg privat verksemd. Til saman skal omlag 26.500 medarbeidarar ha sin leiar.

UVERDIG. Pr. mai 2012 utgjorde mellomleiarar 4,7 prosent av alle tilsette. Mellomleiarar er dei leiarane som ikkje er administrerande direktørar, klinikkdirektørar, økonomidirektørar, HR-direktør og så vidare.

Samla betyr det at vi har omlag 910 brutto månadsverk i gruppa mellomleiarar og 73 toppleiarar, noko som for desse, siste utgjer 0,37 prosent. Dei skal leie, fordele og ha ansvaret for at alle oppgåvene blir planlagde og lagde til rette for medarbeidarane våre. I snitt blir det om lag 26 medarbeidarar pr. leiar. Det å omtale leiarar på alle nivå som «ansiktslause» byråkratar, er uverdig – og ein populistisk framstilling av kva oppgåver og ansvar leiarane har.

SÆRS VIKTIGE. Faktisk er det slik at 83 prosent av alle medarbeidarane i føretaksgruppa Helse Vest har direkte oppgåver knytt til pasientbehandlinga. Det betyr ikkje at dei resterande 17 prosent ikkje er viktige. Tvert om. Leiarar og andre ikkje-helsefaglege yrkesgrupper er særs viktige for god pasientbehandling.

Nokre av dei oppgåvene som i statistikken blir lagde under administrative stillingar, og som blir omtala som byråkrati, er reingjering av senger og tøy, sterilisering av operasjonsutstyr, matforsyning til sjukehusa, daglege og viktig tekniske oppgåver, utbetaling av lønn, avfallshandtering og destruksjon av spesialavfall.

NEDSETJANDE. Sjukehusapoteka Vest skal forsyne sjukehusa med medisinar og spesialprodusert medisin. Nokon skal ta hand om det daglege reinhaldet av fleire hundre tusen kvadratmeter, og nokon skal behandle meir enn 250000 inngåande fakturaer. I tillegg skal omlag 3,9 millionar vakter planleggast, og nokon skal planleggje og følgje opp ulike investeringsprosjekt med ei budsjettramme på 1,7 milliardar kroner.

Ein grovmaska statistikk over yrkeskategoriar seier ingen ting om dei oppgåvene som blir løyste; oppgåver som er særs viktige for at sjukehusdrifta skal fungere. Det er derfor urimeleg å omtale dette som byråkrati. Det er ein nedsetjande omtale av viktige oppgåver politikarar og andre må våge å stå i mot.

DET VIKTIGASTE. At alt ennå ikkje er slik det skal vere på alle områder, bør ikkje gi anledning til å bygge opp om at vi har medarbeidarar og leiarar i sjukehusa som utfører unyttige oppgåver. Det er faktisk viktig at helsepersonell i brei forstand får konsentrert seg om det viktigaste: God og kvalitativ pasientbehandling. Til det treng dei leiarar og andre kollegaer som legg til rette for og utfører oppgåver for at dei skal få nytte mest mogleg av si tid til pasientbehandling.

Så trass i dei mange, og stadig tilbakevendande, skyldnadane om eit overbyråkratisert helsevesen, er eg ikkje i tvil: Vi er på rett veg i utviklinga av ei endå betre spesialisthelseteneste på Vestlandet. Eg er stolt av medarbeidarane og leiarane, som kvar på sine felt har medverka til resultata som er nådde i sjukehusa våre.

Kronikk og debatt, Dagens Medisin 17/2013

Powered by Labrador CMS