Fastlegen er verneverdig

Den nye fastlegeforskrifta er full av gode intensjonar, men det seiest at vegen til Helvete er brulagt med slike.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

Torleiv Robberstad, spesialist i samfunnsmedisin og pensjonert helse- og sosialsjef
FASTLEGEORDNINGA kom i 2001, den er ein stor suksess - og kommunane har ansvaret for å tilby den. Når forslaget til ny fastlegeforskrift har møtt så mykje motbør, er det nok fordi den byrjar i feil ende. Ordninga har eit forgubbingsproblem. Bare i treårsperioden 2006-2008 auka den delen som var over 54 år, frå 26 til 32 prosent. Det betyr at tredjeparten av dagens fastlegar passerer 67 år om få år, og då må ein få inn nye.
Fastlegeordninga har eit rekrutteringsproblem. I treårsperioden 2006-2008 hadde landet ein nettotilgang på cirka 1800 nye legar, men det blei bare 158 fleire fastlegar under 40 år. Stadig fleire fastlegar har ikkje lenger plass til nye pasientar på lista. Så for tre år sidan sa dåverande statsråd Bjarne Håkon Hansen nei til nye legestillingar i sjukehus: «Det er i primærhelsetjenesten at behovet for leger er størst. Jeg skal bli den første helseministeren som får til dette» (Aftenposten 12.12.2008). Jaha, ja.
BEHOVET. I 2008 la Helsedirektoratet fram ein rapport om vidare behov i fastlegetenesta. Den skisserer behov for ein netto auke på cirka 2000 nye fastlegar fram til 2015, fordelt på 1000 nye årsverk for å normalisere arbeidstida for fastlegane, 175 årsverk til møter med Nav og andre, 110 årsverk til styrking av helsestasjons- og skulelegetenesta, 500 årsverk til styrking av legetenesta til personar som får kommunale omsorgstenester (så som eldreomsorg) - og 300 årsverk til diverse anna legearbeid.
I tillegg trengs cirka 600 nye legar for å dekke naturleg avgang fram til 2015.
USIKKERHET. Samhandlingsmeldinga seier at «det knytter seg betydelig usikkerhet til tallene» i denne rapporten, og det kan så vere. Men Helsedirektoratet, KS og Den norske legeforening var i lag om å skrive den, og då kan me knapt vente nokon betre peikepinn dei første åra. Dessutan høver den med bildet av stoda i dag.
Nå er nettotilgangen på nye legar så stor at den gir rom for ein slik vekst på få år. Likevel blei det bare 159 fleire fastlegepraksisar i 2009-2010, så det er langt fram.
POLITISK VILJE? I mellomtida må ein ha fleire tankar i hovudet på ein gong. Nå må dei to viktigaste vere å rekruttere nye fastlegar og å halde på dei ein har, så kan ein heller fylle på med nye oppgåver etter kvart som kapasiteten aukar. I mellomtida kan ein vurdere både korleis ein vil prioritere dei nye arbeidsoppgåvene, og kva slags kvalitetstiltak som kan vere rimelege og praktiske. Den nye fastlegeforskrifta er full av gode intensjonar, men det seiest at vegen til Helvete er brulagt med slike. Derfor er det uklokt å leggje nye arbeidsoppgåver på fastlegar så lenge dei ikkje har nok tid til det viktigaste; den direkte kontakten med pasientar.
I dag er nesten 2/3 av medisinarstudentane kvinner, så framtidas fastlegeopplegg må først og fremst kunne rekruttere mange av dei. Ein bør også sjå på dei økonomiske modellane: Kor mange nye legar vågar å investere én million kroner i ein fastlegepraksis før dei kan ta mot sine første pasientar? Kor stor er den rikspolitiske viljen til å styrke fastlegeordninga? n
Kronikk og debatt, Dagens Medisin 05/2012

Powered by Labrador CMS