18 forskingsmillionar til Bergen

Det europeiske forskingsrådet (ERC) har tildelt 18 millionar kroner til diabetes- og fedmeforsking ved Universitetet i Bergen (UiB).

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

ERCs Advanced Grants

Det europeiske forskingsrådet (ERC) støttar forsking innanfor alle fagområde og oppmuntrer til tverrfaglige prosjekt. Søkjarar kan ha alle nasjonaliteter, men skal vera tilknytta ein vertsinstitusjon (universitet eller annan forskningsinstitusjon eller føretak) i EU-land eller EU-assosierte land.Advanced Grants skal støtta leiande etablerte forskarar i verdsklasse. Det kan normalt søkast om opptil 2,5 mill Euro (3,5 mill under særlige omstendigheter) for inntil 5 år.UiB har tidlegare fått ERC-grants fire gongar.Kjelde: Universitetet i Bergen

Forsking på diabetes og fedme ved Universitet i Bergen får dermed ei stor anerkjenning frå Det europeiske forskingsrådet, ifølgje universitetet sjølv.

Tar opp kampen mot fedme
Professor og barnelege Pål Rasmus Njølstad ved UiB forskar på gener som kan vera assosierte med overvekt og diabetes.  Ved hjelp av Den norske mor og barn-undersøkelsen vil han gå djupare i forskinga. Undersøkjinga samlar biologisk materiale og spørjeskjemadata frå over 100.000 svangerskap.

Utan løyvinga frå ERC hadde ikkje dette vore mogeleg. Det er svært kostbart å føreta desse undersøkjingane og prøvene i ei så stor studie, det krevjer arbeidskraft og teknologi. Dette gjer at me kan finna nye mekanismar for korleis fedme oppstår. Ein må tidleg koma på banen og forsøkja å motvirka fedmeepidemien, seier Njølstad til universitetet si nettside.

Den svært prestisjetunge løyvinga, eller Advanced Grants, skal støtte leiande etablerte forskarar i verdsklasse. Søknader til Advanced Grants skal ha ei imponerande '10 year track record' og ein veldokumentert leiarskapsprofil, ifølgje universitetet.

Ser dette som eit kvalitetsstempel
For Njølstad handlar dette ikkje berre om pengane.

– Å nå opp i ein slik konkurranse gjev eit kvalitetsstempel, og ein tar steget opp på ein internasjonal arena. Dette er positivt både for UiB og Haukeland universitetssjukehus, men også for heile Noreg, seier han vidare.

Han trekkjer fram at universitetet, ved Forskingsadsministrativ avdeling, fakultetet og instituttet, har vore gode støtter i arbeidet.

– Dette heng høgt
– Det er fantastisk at Pål har lukkast med dette, både han og vi har jobba hardt. Dette er den første ERC-løyvinga til Det medisinsk-odontologiske fakultetet, dette heng høgt, seier Svenn-Åge Dahl, avdelingsdirektør ved Forskningsadministrativ avdeling.

Rektor ved UiB, Sigmund Grønmo, gratulerer også Njølstad.

– Denne tildelinga er viktig og verdifull for heile universitetet, seier han til nettstaden.

Powered by Labrador CMS