Syndebukkane på fastlegekontoret

Eg er ikkje innstilt på å bruka entusiasme og seine kveldar på eit garantert tapsprosjekt, same kor ministeren trugar.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

Aslak Bråtveit, fastlege /kommunelege, Finnøy

FASTLEGEDASKING
. På fjernsynet, i beste sendetid, står helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og daskar fastlegar. Det har blitt ei vanleg sportsgrein over nokre år, og nyss var NAV ute i same ærend: «Fastlegane vil ikkje lya».
Eg veit ikkje av andre faggrupper som lyt tola så mykje peppar frå departement og direktorat: Fastlegane gjer for lite av førebyggande arbeid, dei slankar ikkje dei feite, dei lærar ikkje røykande å slutta eller sedate å springa. Sjukmeldingar er feil.
No er tida for kjeft og press: - Set i gong, vert tilgjengelege! - Finn risikantar! - Rydd opp i ulivnaden! Det puritanske raseri manglar sidestykke. Berre i kristendomen sine mest ekspansive maktperiodar har kravet om å leva det «gode» liv vore tilsvarande sterkt. Det er sjølvsagt makthavarane som definerer det gode liv.

JAKTA PÅ RISIKANTANE.
Forventingane til at allmennlegane kan indusera vilje til livsstilssendring, er ikkje nye. Eg vil gjerne minna om 40-årsundersøkingane på tidleg 1990-tal. Statens skjermbildekontor hadde mist mål og meining etter år med leiting etter ikkje-eksisterande tuberkulose. Nå skulle det bli ny sus over institusjonen att, med jakt på risikantar. 40-åringane var målgruppa. Dei var sikkert motiverte, berre dei fekk vita kor farlig dei levde.
Bussane sveipte over landet og røykte ut røykande menn med høg kardiovaskulær risiko. Så kom brevet med ordren om å møta hjå legen. Legen fekk i tillegg melding om å kalla inn dersom dei ikkje møtte friviljug. Nokre få kom etter press. Legane prøvde å lirka dei til å slutta røyka eller eta sunnare. Nokre legekontor baud på livsstilkurs - til dømes Elisabeth Swensen i Vest-Telemark.
Kosthald og friluftsaktivitetar fall fort attende til utgongspunktet. Innsatsen var nær på nyttelaus, utanom det sosiale då.

DØDFØDT.
Det er i forsking påvist at pålegg om livsstilsendring, som del av ein større kampanje, er dødfødt. Livsstilsråd basert på pasienten sitt eige helsebehov kan ha effekt.
Sjølv har eg hatt røykesluttkurs tre gonger. Strukturen var seks-åtte kveldar med gruppemøte. Røykarane var særs motivert. Dei betalte avgift til helselaget og fortalde korleis dei ville venda seg bort frå sitt røykeliv og starta med reine lunger og pust.
Alle vart røykfrie, til og med etter tre månader var dei fleste «reine», men etter eit år var resultatet null.
NEI TAKK, STATSRÅD. Eg er ikkje innstilt på å bruka entusiasme og seine kveldar på eit garantert tapsprosjekt, same kor ministeren trugar. Eg har lese om intense slankekurs ved poliklinikkar og rehabiliteringssentra: Etter eit år er resultatet om lag to prosent forbetring.
Min kollega hadde intenst kosthaldskurs på ei naboøy. Mest heile øyfolket møtte, fysioterapeut og kosthaldsrettleiar var involvert. Kolesterolmålingar før kurs og etter tre månader viste fall.
Målingar eitt år seinare viste verdiar som ved oppstart.
NOKON LUKKAST. Sekundærprofylakse er annleis. Det gjeld då pasientar som alt har hatt ein sjukdom eller plage grunna livsstil. Etter eit hjarteinfarkt bør kolesterolet ned. Pasienten får statin - svært enkel førebygging. Han burde trena, han burde ta av i vekt: Nå startar vanskane, men ein del lukkast.
Eg har på dramatisk vis gjort gjenoppliving av ein mann i 1994. Han vart straks røykfri. Det heldt i mange år. Nå røyker han på ny.
USA har privatforsikring for helesetenester. Ein kan vera verdig eller uverdig til å få forsikring. Vekt skal vere eit kriterie. Trass i dette er frekvensen av overvekt i USA stadig aukande. Det er heilt andre krefter som definerer vektnivå enn dei som fastlegane kan rå med.
MEINING i KVARDAGEN? Kvifor skal departement og direktorat skulda fastlegane når alle dei ekspansive og fagleg dårlig funderte ordningane skal gjennomførast? Kvifor nektar byråkratane å ta inn over seg den forsking som er kjent? Skal legane vera syndebukkar att? Offentleg latterliggjering og skulding er ei primitiv øving.
Tillit er grunnleggjande viktig i legeyrket. I forsvar for eit fag og ei yrkesgruppe prøver eg her å slå attende med same mynt. Som lege har eg mange meiningsfulle oppgåver, som få andre kan overta. Eldrebylgja, samarbeidsepidemien, sekundærprofylakse, sjuke folk, infeksjonar, kreftomsorg, dei mange diabetikarar og blodrykksrisikantar, psykisk sjuke og livspåkjenningsplaga. Mange av oss brukar tid på sjukeheim, helsestasjon og legevakt og undervising av studentar, turnuslegar og unge legar.
I tillegg kjem meiningslause pålegg om skjemautfyllingar av mange slag - og til mange instanser -og den ekspansive og ofte meinigslause kvalitetssikring. Her er rikeleg med oppgåver frå før.
Dersom ryggsekken min skal ha endå meir innhald, må eg få leggja or noko. Kan helseministeren gi meg ordre om kva som skal leggjast bort?
Debatt, Dagens Medisin 10/2011

Powered by Labrador CMS