15. november startar den internasjonale konferansen 2nd Bergen Conference on the treatment of Psychopathy i regi av Haukeland universitetssjukehus.
Kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri ved Haukeland universitetssjukehus er vertskap for denne konferansen om behandling av psykopati.
Evaluerer behandlingsprogram
I tre dagar vil internasjonale ekspertar og dei fremste fagfolka på dette området evaluere og drøfte nye behandlingsprogram for psykopatar, og om desse programma har hatt positiv effekt i behandlinga.
Ein av dei som står i spissen for arrangementet er psykologspesialist og stipendiat Helge Andreas Hoff ved Kompetansesenteret. Han opplyser at denne konferansen vart arrangert første gong i 2004.
Målsettinga var då å presentere nye behandlingsprogram for psykopati.
Suksess sist
– Konferansen vart den gongen ein stor suksess, med fleire enn 250 deltakarar i hovudsak frå Norden og Europa. Denne gongen er det venta like mange deltakarar frå Noreg, Europa, USA og Canada, ifølgje arrangøren.