Dette viser resultata som Folkehelseinstituttet no publiserer frå det såkalla DRUID-prosjektet – Driving under Influence of Alcohol, Drugs and Medicines.

Trafikkfarlege stoff i blodet
Noreg og 12 andre land har delteke i ei internasjonal vegkantstudie for å kartleggje kor mange bilførarar som køyrer med trafikkfarlege stoff i blodet, skriv Folkehelseisntituttet på sine nettsider.

I Noreg vart det teke spyttprøver frå 9236 tilfeldige førarar. Av desse var tre prosent positive for alkohol, andre rusmiddel eller sløvande legemiddel, som fordeler seg slik*:

  • Sløvande legemiddel: 1,7 prosent var positive på slike stoff åleine Dette er litt høgare enn gjennomsnittet for deltakarlanda. Det angstdempande stoffet diazepam (Valium og liknande legemiddel) vart påvist oftast. Det smertestillande stoffet kodein og sovemiddelet zopiklon vart også påvist ofte.
  •  Illegale stoff: 0,6 prosent var positive på slike stoff åleine. Dette er lågare enn gjennomsnittet for deltakarlanda. Tetrahydrocannabinol (THC) vart påvist oftast. >
  • Alkohol: 0,3 prosent  hadde over 0,2 promille alkohol i spyttprøva (inkludert dei som politiet tok hand om). Dette er svært lågt i forhold til dei fleste europeiske landa.

Verst på Austlandet
I Noreg vart det samla inn spyttprøver frå bilførarar i utvalde regionar i Aust-, Vest-, Midt- og Nord-Noreg, melder instituttet videre.

Det vart oftare påvist alkohol og narkotika i prøver frå bilførarar på Austlandet enn i prøver frå andre delar av landet, og oftare i prøver frå Oslo-området enn andre tettstader og frå landsbygda.

* Sjå prosentdetaljene hos Folkehelseinstituttet

Les mer hos Folkehelseinstituttet