Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Vinje kommune

Fastlege 100% vikariat i Vinje kommune – ID 1533

Publisert 2018-04-16 11.11
Søknadsfrist: 2018-04-29

Velkomen til Vinje kommune; ein fjellkommune i Vest-Telemark som er innfallsporten til Hardangervidda. Kommunen har gode kulturtilbod, og kan naturmessig by på eit mangfald av opplevingar både sumar og vinter.

Vinje kommune søker fastlege i vikariat for perioden 18.06.2018 til 01.04.2019 med mogelegheit for forlenging.
I Vinje har vi tre legekontor. Hovudkontoret ligg i Åmot, og vi har utekontor på Rauland og Edland. Ledig vikariat er knytt til Rauland, der kontoret for tida har ope fire dagar per veke. Ein dag i veka er arbeidsstad ved hovudkontoret i Åmot.
 
Legetenesta har fem legeårsverk, sjukeheimslege og ein turnuslege. Fastlegelista har ei listelengde på 850 pasientar. Som lege i Vinje vil du få kommunal fastløn.
Kommunen er vertskommune for Tokke – Vinje legevakt, lokalisert til legetenesta sine lokalar i Åmot. Legevakta er 10-delt.
Dersom fleire fastlegestillingar blir ledige, tilset vi og i desse.

  • Vi tilbyr gode ordningar, varierte oppgåver og eit spanande arbeidsmiljø. 
  • Du må ha norsk autorisasjon, gode samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.
  • Vi ynskjer primært at du fyller kvalifikasjonskrav jf Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommuneoverlege Marius Opsahl tlf: 35 06 25 00 eller Helse og omsorgssjef Kari Dalen tlf: 47 89 47 10.
 
I samsvar med offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.vinje.kommune.no

Stillingsprosent: 100%

Stillingstype: Fast stilling
 
Søknadsfrist: 29.04.2018
 
Velkomen som søkjar!

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Fastlege, Kommunal lege

  • Arbeidsgiver

    Vinje kommune

  • Sted

    Vinje

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2018-04-29

  • Publiseringsdato

    2018-04-16

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

HELSE SØR-ØST FORKASTER OMSTRIDT IKT-LØSNING

Utredning slakter radiologi-løsningen1

STRID OM VARSLING OG REPRESALIER

Forsker tapte mot OUS i to rettsinstanser

EUROPEISKE LEGEMIDDELMYNDIGHETER

Gransker feildoseringer av metotreksat

Kommende DM Arena-møter

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!