Fødd til å leie?
Kan du inspirere?
Kan du motivere?
Kan du skape engasjement?
Har du leiarutdanning?
Har du utvikla deg som leiar i det siste?
Dette er daglege spørsmål me alle blir utsett for. Temaet leiing finn du igjen i dei fleste aviser, alt frå Dagens Næringsliv til Dagens Medisin. Det er ikkje ein einaste stad der det ikkje blir etterspurd leiareigenskapar. Etter å ha vekse opp blant ein generasjon som fekk skumme fløyten av oljen, kan det sjå ut som leiarskapet endra seg. Ein skal ikkje lengre ta avgjerder åleine, ein skal ta dei i fellesskap. Med fellesskap så meinast ein horde av PR-rådgjevarar, konsulentar og andre nyttige arbeidsgrupper som kan hjelpe deg på vegen.
Samfunnet set store krav til oss. Haldningane har endra seg og ført til at appetitten etter leiarstillingar berre har auka. Er du så heldig at du har fått ei leiarstilling, tek det ikkje lang tid før du siktar på ei anna. Det er tross alt ikkje sjølve arbeidsoppgåvene du er ute etter, det er tittelen. På denne måten er spelet i gang. Me jaktar stillingstitlar som andre bytter sokkar. Hungeren etter prestisje, etter ein CV som lyser kynisme og etter ein moral som har sett sine beste dagar, har aldri vore større. Dette gjer det lov å nytte stillingar som eit springbrett for andre meir prestisjefulle posisjonar. Ingen blir lengre målt for det arbeidet ein faktisk utfører, men for den tittelen ein har.
Dette er ikkje berre noko leiarar innanfor helsesektoren prøvar seg på, det skjer også blant den yngre garde. Dei som veks opp i skuggen av sine foreldre som byter arbeid annakvart år. Det blir sendt signal om at "alle" skal vere leiarar, siktar du deg ikkje mot denne stillinga, då har du ikkje oppnådd suksess. Då kan du umogleg vere nøgd med din eigen situasjon. Du kan ikkje vere nøgd før du når toppen. Du seier kanskje at slik har det alltid vore? Du seier kanskje dette innlegget berre er ungdommeleg naivitet? Ja, det kan hende det stemmer. Men det å sette krav til det arbeidet ein gjer og vere nøgd med eit tilvere utan å nødvendigvis ha leiinga er ikkje respektabelt lengre. Dette leiar oss igjen tilbake til definisjonen på kva ein leiar faktisk er.
Det er synd det å vere leiar ikkje lengre er einsbetydane med å leie etter døme. Kvifor skal ikkje leiarane også godta lønsskjering? Kvifor skal ein leiar setje seg sjølv på ein gullstol og nekte samvær med dei tilsette? Leiargenerasjonen har vekse opp med brask og bram og har heilt glømt kven som faktisk utfører arbeidet samfunnet vårt er avhengig av. Det å ha vore på eit titals kurs om leiing, utdanning innanfor leiing, fleire leiingstitlar, etterutdanning her og der. Det seier ingenting om korleis du fungerer i praksis. Det å vere leiar handla ein gong om korleis ein samarbeida med andre menneske, det handla om å sjå potensiale i dei du arbeider med, det handla om å gå ein veg - saman.
Neste gong du skriv leiareigenskaper som eit krav i ein tilsettingsprosess kan du kanskje tenkje deg om kven du faktisk får. Neste gong du skal tilsette ein person kan du kanskje høyre om personen faktisk er interessera i dei arbeidsoppgåvene som heng saman med posisjonen. På den måten kan ein kanskje unngå at byråkratiet veks fordi leiarane ikkje gjer det arbeidet dei eingong hadde ansvar for.