– Ungdomstida – eit minefelt av konsekvensar

Vi må ta vare på ungdomen vår, folkens. Dei er framtida.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, fastlege ved Kurbadet legesenter i Oslo og seniorrådgiver i Helsetilsynet

UNGDOMSTIDA er, i all si gru og glede, ei livsfarleg tid. Det finst eit hav av moglegheiter og stort potensial. Men også potensial for katastrofar – og eit minefelt av konsekvensar. Fram til ungdomstida er borna prisgitt sine foreldre. No kjem ei tid for eigne val.

I ungdomstida utviklar hjernen seg i mykje større grad enn vi trudde før. Og den er svært påverkeleg. I eit livsløpsperspektiv kan uheldige omstende og dårlege val i ungdomstida påverke helsa negativt i lang tid framover.

INTENSITETEN. Etter at eg slutta å vere ungdom sjølv, var eg lenge litt redd ungdom. Dei mutte fjesa, den bråkjekke tonen, hormon i fri flyt, sveittelukt og kviser. Framandt språk. Dårleg diksjon. Attitude-problem. Manglande evne til å ta seg saman. Ein svært irriterande gjeng. Kanskje var mi eiga ungdomstid for nær? Eg lengta ikkje tilbake dit, den var eit tilbakelagt stadium, og takk for det!

No høyrer eg til gruppa av kvite menn og kvinner som pusher 50. Om eit par år er eg sjølv tenåringsmor. Eg ser annleis på saker og ting. Eg ser dei nakne andleta. Kjenslene som lyser. Energien. Potensialet. Ungdommens råskap. Eg er misunneleg på ho som har heile livet framfor seg. På intensiteten i kjenslene, gleder og sorger, fridomen, alt ho skal få oppleve og alt ho skal lære.

Ungdomstida er fantastisk – men den kan også vere fæl.

MØTENE. Dei første åra som fastlege var eg ikkje komfortabel med dei unge pasientane. Kommunikasjonen gjekk i stå, vi snakka ikkje same språk. Eg kjente meg utrygg og usikker. Og tvilte på at eg hadde noko å bidra med.

Dette har også blitt annleis. Det siste året har mange fleire ungdomar møtt opp på legekontoret – for å få fråversattest. Nokre hadde ikkje trengt å kome. Dei er friske. Andre slit, og eg får høve til å fange opp dei som har behov for noko meir enn ein attest og ei kort samtale.

Eg har hatt mange gode møter med ungdom det siste året. Og ungdomane har blitt kjent med meg, fastlegen sin.

STRESSET. Ifølgje dei årlege UngData-undersøkingane rapporterer majoriteten av ungdom i dag at dei har det bra og at dei er ved god helse. Men fleire slit med ulike typar helseplager, som hovudpine og smerter i kroppen. Andre har symptom på stress, og tenker at «alt er eit slit» eller dei «bekymrar seg for mykje om ting». Fleire enn før er plaga av einsemd, og omfanget av psykiske helseplager har auka.

Lækjarar i spesialisthelsetenesta rapporterer om ei stor auke i unge som vert innlagt med stresslidingar. Enkelte ungdomar fell heilt ut av skule og det sosiale livet på grunn av stressrelaterte kroppslege symptom og sjukdomar.

Mange av dei unge som slit, fullfører ikkje den vidaregåande skulen. Kompetanse er essensielt i vårt kunnskapssamfunn, og endå meir i framtida. Arbeidsplassar for ufaglærte er i ferd med å forsvinne. Vi må derfor gjere det vi kan for å hindre at unge vert marginalisert frå utdanning og arbeid.

SPØRSMÅLENE. Det er ikkje fastlegen som skal få ned fråfallet i skulen, men mange unge er innom fastlegen i løpet av eit år – og vi kan finne dei som har sjukdom eller som er i ferd med å bli sjuke. Vi må ta oss tid til å spørje om korleis dei har det.

Ein ny studie har vist at fastlegen kan stille tre enkle spørsmål, som er eigna til å fange opp depresjon hos ungdom, så det treng ikkje ta lang tid:
∙ Har du i løpet av den siste månaden kjent deg nedfor, deprimert eller utan håp?
∙ Har du i løpet av den siste månaden ofte vore plaga med lite interesse eller glede ved å gjere ting?
∙ Er dette noko du vil søke hjelp for?

Dersom fastlegen tek seg tid til å stille desse enkle spørsmåla, kan ungdomar med symptom på depresjon følgjast opp vidare. Både på individnivå og samfunnsøkonomisk er det enormt mykje å spare på å hindre at ein ungdom hamnar utanfor utdanning og arbeid tidleg i livet, med alt det inneber av problem på lang sikt.

FRAMTIDA. I samband med dokumentarfilmen «Ungdommens råskap» frå 2004, sa filmskapar Margreth Olin følgjande om ungdom: «Det fortelles så mange løgner om det å være menneske. Flest løgner fortelles om ungdommen. Med en gang vi er voksne, kommer savnet, vi lengter tilbake. Og språket har vi mistet, for ungdommen har sitt eget språk. Vi tør ikke gå for å se etter dem, spørre hvem de er, hvor de er på vei. Våren tilhører ikke lenger oss. Derfor lyver vi om hvem de er».

Vi må ta vare på ungdomen vår, folkens. Det er dei som er framtida.

Kjelder:
1) Jensen FE (2015). The Teenage Brain. A Neuroscientist´s survival guide to raising adolescents and young adults. Harper Collins Publisher, London.
2) Bakken (2016). Ungdata. Nasjonale resultater 2016, NOVA Rapport 8/16. Oslo: NOVA
3) Haugen W, Haavet OR, Sirpal MK, Christensen KS (2016). Identifying depression among adolescents using three key questions: a validation study in primary care.
4) Br J Gen Pract. 2016 Feb;66(643):e65-70. doi: 10.3399/bjgp16X683461.
5) Sletten MA, Hyggen C. (2013). Ungdom, frafall og marginalisering. Temanotat. Oslo: The Norwegian Research Counsil, Velferd, arbeid, migrasjon (VAM).

Kronikk og debatt/Legeliv, Dagens Medisin 10/2017

Powered by Labrador CMS