Om skilnaden på kollektivt og individuelt

Ein utmatta lege er ein farleg lege. Ei samla norsk fagrørsle har skjønt det. Vonaleg skjønar Spekter og helseforetaka det også snart.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Innlegg: Håvard Ravnestad, foretakstillitsvalgt for Yngre Legers Forening og leder av streikekomitéen ved Ahus

HILDE BRIT CHRISTIANSEN i Helse Vest RHF skriv i Dagens Medisin på nett (22.09.16) om kvifor Spekter ønskar individuelle arbeidsplanar for sjukehuslegar.

Christiansen hevdar at planane dei ønskar, ikkje er individuelle, og at dei framleis vil ha kollektive arbeidsplanar for legar. Her verkar det som om skilnaden mellom kollektiv og individuell har vorte uklar. Kollektiv tyder sams, felles for ei gruppe. Når ingen av legane i eit vaktlag har den same vaktplanen, er planane individuelle, ikkje kollektive.

KOLLEKTIVT VERN. Når me meiner at individuelle planar er ugreitt, handlar det ikkje om at me mister ulempegodtgjersle, som Christiansen antyder. Dette handlar om kollektivt vern. Når ein jobbar med så vide unntak frå arbeidsmiljølova som Legeforeningen har avtalt for sine medlemmer i sjukehus, må ein ha ordningar som sikrar eit visst vern.

Ifølge Christiansen hevdar Legeforeningen at det kun er ein måte å planlegge arbeidstid på. Dette er ein påstand arbeidsgjevarsida har fremja gjentatte gonger i ulike media. Som Torstein Schröder-Aasen påpekte i Dagens Medisin (21.09.2016), har Akademikerne opna for ulike måtar å planlegge arbeidstid på. Arbeidsgjevarsida er imidlertid urokkelige på at dei vil behalde unntaka frå arbeidsmiljølova, utan kollektivt vern og utan arbeidstakarane sitt samtykke.

UT AV KONTROLL. Christiansen skriv at 60-timars arbeidsveke i 38 veker på rad aldri vil verta aktuelt i Helse Vest. Jamvel om dette kan verka betryggande, er det langt ifrå godt nok. Med Spekter sin modell vil nemleg det å planlegge arbeidstida sli, vera lovleg. Dersom dei med lova i hand kan planlegge 60 timar i veka 38 veker på rad, kvar er vernet då?

Arbeidsgjevarar i både Øst og Vest garanterer i media at desse arbeidsplanane uansett vil vera trygge, jamvel om dei er utarbeidde med så fullstendig mangel på grenser. Korleis dei torer å garantera det, begriper eg ikkje. Som omtalt i Dagsavisen 20. september er erfaringa – der individuelle planar har vore prøvd – hyppige brudd på vernebestemmelsane, og at tillitsvalte mistar nærmast all kontroll.

Christiansen hevdar at Legeforeningen ikkje har forklart kvifor me meiner ein med individuelle planar arbeider inn sin eigen ferie. Det er lett å forklare. Dersom alle vaktene vert flytta ut av ferieperioden og spreidd på perioden før og etter, så arbeider ein i praksis inn sin eigen ferie.

VIKARIAT. Dei som ikkje har grunngjeve sine påstandar godt nok, er Spekter. Dei har framleis ikkje framført argument for kvifor ein ikkje kan planlegge langt fram i tid med rullerande planar. Ein rullerande plan kan forlengast i det uendelege. Eg kan finne ut i dag om eg arbeider 17. mai i 2018. Mogelegheita for å kombinere arbeid, søvn, fritid og familie er difor minst like god med ein rullerande plan.

Ein av grunnane til at sjukehusa slit med å planlegge meir enn tre månader fram i tid, er at kortsiktige vikariat framleis er skuffande vanlege. Ein kan ikkje planlegge arbeidstida til ein lege i oktober dersom vedkomande sin kontrakt går ut i august. Denne situasjonen vert på ingen måte betre med individuelle arbeidsplanar.

OM Å SKJØNA. Christiansen verkar bekymra for at me ikkje vil seia i klartekst kvifor me streikar. Uroa ikkje for det: Grunnlaget for streiken er at me krev å behalde eit kollektivt vern, verken meir eller mindre. Vern mot utilbørleg arbeidsbelastning. Vern mot å verta sett opp på helgevakt fire veker på rad, og å måtte akseptere det fordi ein er redd for ikkje å få forlenga eit kort vikariat. Vern mot belastande vakter for høggravide legar.

Dette krev me fordi vårt vern til sjuande og sist også vernar pasientane. Ein utmatta lege er ein farleg lege. Ei samla norsk fagrørsle har skjønt det. Vonaleg skjønar Spekter og helseforetaka det også snart.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS