Legeturnus skal ikkje vere noka fotlenkje

Også legane skal balansere arbeidstid, fritid og søvn. Arbeidsplanane skal fortsatt vere kollektive og slett ikkje individuelle, sjølv om vi, rett nok, skal og må ta omsyn til individuelle behov.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Kronikk: Hilde Brit Christiansen, direktør for medarbeidar-, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF

I EIT INTERVJU i Stavanger Aftenblad (13/9-2016) beskriv overlege Anne Kristoff ein arbeidssituasjon nærmast utan ferie og nok fritid. Eg har lese det same i fleire presseoppslag den siste tida. Dette er situasjonar vi ikkje ønskjer for nokon som jobbar i sjukehusa. Feriar skal avviklast på best mogleg måte, både for dei pasientane som treng oss, og for medarbeidarane våre.

Vi ønskjer å kunne planleggje betre, slik at også legane har arbeidstid og planer som er føreseielege. At pasientane treff sin lege når dei skal få tildelt time, er svært viktig. Det inneber ikkje at det berre er éin planleggingsmodell som er det rette, slik Legeforeningen hevder. Det kan være mange ulike tilnærmingar eller modellar som kan vere gode.

Det er også vanskeleg å forstå samanhengen når fleire legar seier at planane dei har hatt, er uforsvarlege, samtidig som dei no seier at det er den einaste modellen dei vil ha.

FORSVARLEGE PLANAR. Arbeidsplanar skal vere forsvarlege. Uavhengig av planleggingsmodell skal arbeidsbelastinga fordelast så jamt som mogleg, slik det står i tariffavtalen, og dei tillitsvalde skal sjølvsagt involverast når planane skal utarbeidast.

Det er ikkje foreslått, og det kjem heller ikkje på tale, med 60 timars veker 38 veker i strekk. Eg veit ut frå dei forhandlingane eg har deltatt i, at dette ikkje er noko sjukehusa på Vestlandet vil ha. Tvert imot er det heilt tydeleg for oss at også legane skal balansere arbeidstid, fritid og søvn. Planane skal fortsatt vere kollektive og slett ikkje vera individuelle, sjølv om vi, rett nok, skal og må ta omsyn til individuelle behov. Det skulle berre mangle.

GODE MODELLAR. Det vi og Spekter har tatt til orde for, er at det ikkje kan være forbod mot å finne gode planmodellar som fungerer godt.

Legeforeningen sine påstandar om at ferie må «jobbast inn» dersom arbeidstida skal planleggjast på ein annan måte enn gjennom rullerande planar, blir ikkje forklart skikkeleg. Ferie er noko alle medarbeidarar opparbeider seg, det er ikkje noko ein skal «jobbe inn».

I enkelte fagmiljø er det rett nok ein kultur for at ein legg inn fleire veker med høgt tal timar i arbeidsplanen, for så kunne ha ei veke fri. Men dette må ikkje forvekslast med å «jobbe inn» ferie.  Det er to forskjellige ting.

FELLES ARBEIDSPLANAR. Det bør vere sjølvsagt at ein planlegg arbeidstid over ein definert og avtalt periode ut frå dei oppgåvene som skal løysast. Det treng ikkje vere snakk om eit heilt år; perioden kan vere på seks månader, ni månader eller ha ei anna lengd. Dersom ein bruker eit heilt år som planperiode, er det heilt avgjerande at ein avtalar tidspunkt der ein kan diskutere behov for endringar, også frå legane si side. Må noko justerast eller rettast på, skal det sjølvsagt skje på ein skikkeleg måte der dette og blir drøfta med dei tillitsvalde.

Eg vil tru at alle ønskjer ein balansert arbeidsplan som tek omsyn til planlagt fråvær. Det har ikkje på noko tidspunkt vore aktuelt for oss å etablere planleggingsmodellar eller planleggingshorisontar som skal gjere det verre for legane. Vi har heller aldri lagt til grunn at rullerande tenesteplaner ikkje er aktuelle i det heile tatt.

SAMSPEL. Det har aldri vore aktuelt for oss i sjukehusa eller Spekter å leggje opp til individuelle arbeidsplanar. Med nær 30.000 medarbeidarar i sjukehusa på Vestlandet forstår alle at det ikkje er noka aktuell tilnærming. Eg ser ikkje for meg korleis det skulle kunne fungera. Vi er opptatt av at det er ein fordel at svært mange er organiserte. Det er nettopp derfor rollefordelinga mellom leiarar, tillitsvalde, medarbeidarar og vernetenesta er viktig å ha med seg.

Det er ingen frå sjukehusa på Vestlandet som har foreslått individuell arbeidsplanlegging for legane. Det har heller ikkje Spekter i dei forhandlingane eg har deltatt i, og eg har vært med i alle. Tvert om er vi tente med kollektive ordningar, der medverknad og samspel er viktig slik vi avtalte i 2014.

ULEMPEBETALING. Vi veit at ulike planleggingsmodellar kan gi ulikt tal dagar med kompensasjon for den ulempa det er å områ seg og ta andre sine vakter. Betre planlegging gir færre slike tilfelle, og vi kan sjølvsagt vere med på å diskutera konsekvensane om andre planmodellar reduserer ulempebetalinga. Og viss dette er eit grunnlag for streiken, er det ein ærleg sak å setta det på dagsordenen. Det som ikkje er greitt, er at ein ikkje seier det. Leiarar forstår at det å miste ulempebetaling, ikkje er populært, men det betyr ikkje at vi ikkje kan ha ein open dialog om det blir mindre av å ta «andre kollegaers sine vakter».

Uansett om eg her treff presist på alle dilemma eller ikkje, trur eg vi kjem lenger med å diskutera enn å framstilla sjukehusa sine motiv med god føreseieleg planlegging som noko anna enn det det verkeleg er.

Ingen oppgitte interessekonflikter 

Powered by Labrador CMS